Gratis gruppetilbod til foreldre som har barn fra 4 mnd alder

Som foreldre ønskjer vi at barnet vårt skal oppleve glede saman med oss, at barnet søkjer hjelp når noko er vanskeleg, kan løyse problem på eiga hand, få langvarige vennskap og utvikle god sjølvkjensle og sjølvtillit. Men korleis kan det bli slik? Korleis kan vi som foreldre forstå  og gi godt nok  av kva barnet treng – og når det treng det – enten som foreldre til ein baby, ein viljesterk treåring eller ein tiåring på full fart inn i puberteten?

Dette vil vi bruke tid på i kurset om Tryggleikssirkelen. Kurset handlar om å utvide forståinga av både deg sjølv og barnet ditt, og om korleis ein kan handtere dei vanskelege situasjonane som oppstår i familiekvardagen, slik at barnet ditt får eit godt liv med seg sjølv og andre.

For meir informasjon sjå filmen eller ta kontakt med Anne Birkevold (helsestasjonen) 48292088  eller Anne Marte Båtsvik Liaaen (Psykisk helseteam for barn, unge og familier) 90037511.

Praktisk informasjon: 

  • Kurset er gratis.
  • Barnet kan være med ( gjeld barn opptil 6 mnd)
  • Til stades er foreldre og to rettleiarar med sertifisering i COS-P. 
  • Kurset går over sju til åtte gruppesamlingar og kvar samling tek 1,5-2 timar.
  • Me legg opp til drøftingar og refleksjonar i gruppa. 
     

Sted:  Giske frivilligsentral 
Tid: Tirsdager kl 13.30 til ca kl 15.00 

Kurs 1 2026 

27/1 3/2 10/2 24/2 3/3 10/3 17/3

Kurs 2 2026 

14/4 21/4 28/4 5/5 19/5 26/5 2/6

Påmelding: send mail med navn foreldre og barn,  telefonnummer og kva kurs du ønskjer å delta på til anne.birkevold@giske.kommune.no 

Har du delteke på kurs i 2026? 

Flere filmer om trygghetssirkelen

Informasjonsfilm om Trygghetssirkelen