Gjøsund hamn må utviklast for fiskerinæringa

Giske kommune har vedteke å seie opp samarbeidsavtalen med Ålesundregionens hamnevesen IKS (ÅRH) for å etablere eit eige hamnevesen. Vedtaket er gjort for å kunne realisere planane om å gjere Gjøsund hamn til framtidas fiskerihamn.

 

«Vi gjer dette for at Gjøsund hamn kan utviklast etter våre eigne premiss, og bli hamna der fiskeriklynga, framtida og verda knytast smartare i hop. Denne hamna vil utfylle interessene, formålet, løysingane og kvalitetane hamna i Ålesund tilbyr,» seier ordførar Kenneth Langvatn i Giske kommune.

Strategisk utvikling av Gjøsund hamn

Med eigardel på 5 prosent i ÅRH IKS er Giske kommune sine høve til eigarstyring avgrensa. Å etablere eit eige hamnevesen i ei ny form gir Giske kommune naudsynt kontroll over utviklinga av hamne- og næringsområdet i Gjøsund. Det er heilt sentralt i Strategisk næringsplan for Giske kommune.

 Målet er at Gjøsund hamn skal bli ei fiskerihamn som tilbyr tenester, vedlikehald og verdiskaping for og med fiskerinæringane i kommunen, og legg til rette for anna maritim verksemd.

 Framleis tett samarbeid i regionen

«Eg vil rose ordførarkollegiet i Ålesund, Sula og Haram for god dialog om samarbeidet oss i mellom. Våre kommunar samarbeider om veldig mange tenester som gagnar alle oss som bur her. Interkommunalt samarbeid er viktig for regionen,» poengterer ordføraren.

 Prosessen med etablering av eige hamnevesen held fram i 2025. Val av selskapsform og vidare organisering blir lagt fram for kommunestyret i eiga sak.