Giske ungdomsskule klar til å takast i bruk

Styringsgruppa har hatt møte 18.08.21 med synfaring på nye Giske ungdomsskule og gjennomgang av status i  skulestruktur-prosjektet. Måndag blir det opning og skulestart. 

Giske ungdomsskule. 

Giske ungdomsskule

Modulane har lyse og romslege klasserom. To av klasseromma er utrusta med slike pultar henta frå ungdomssteget på Godøy skule. 

Giske ungdomsskule (GUS) er no klar til å takast i bruk, nøyaktig 50 år etter at Valderøy ungdomsskule vart ferdigstilt. Dei  nye modulbygga er på plass. Desse modulane inneheld 4 klasserom, eitt grupperom til kvart klasserom, gangareal og toalett.  Dette vert i år areal for dei fire 10.klassane. Arbeidet med oppsett og ferdigstilling av modulane har gått etter planen. Det har vore hektisk arbeid med å få alt klart. Klargjering av klasseromsareala og teknisk installering skjer i veka før skulestart. Modulbygget er klart til å ta i mot elevane i den nye felles ungdomsskulen, men det vil likevel vere mindre arbeid som må fullførast etter oppstart.

Inngang til den austre modulen. To 10.klassar skal ha klasserom her. 

I hovudbygget, er det gjort ein del omdisponeringar av rom for å tilpasse seg auken i elevar og tilsette. Mellom anna er biblioteket flytta til naborommet. Dette inneber at ein har fått på plass eit auka vrimleareal/ekstra kantine for elevane. Det har også vore ein del endringar når det gjeld arbeidsrom og kontor for tilsette. Ingenting av dette har krevd bygningsmessige endringar.  

Slik ser ein det austre modulbygget ved ungdomsskulen. Dette inneheld to klasserom. Den vestre modulen ligg bak fotballbingen og inneheld dei to siste klasseromma for 10.klasse. 

Godøy skule

Arbeidet har i sommar vore konsentrert om B-bygget, der administrasjon og 5.-7.klasse vil ha tilhald. I tillegg har det vore fokus på utomhusarbeid knytt til rundkøyring og parkering. Gjerde er sett opp. Arbeida er i rute med sikte på skulestart.

Arbeidet vidare vil bli konsentrert om A-bygget, for å gjere det klart for elevane frå Alnes. Avtale for ferdigstilling er 1. november. Det kan likevel vere mulegheit for å kome i mål tidlegare. Dette vil ein sjå etter kvart som arbeidet går fram.

I neste periode :

  • Arbeid med A-bygget og uteområdet ved Godøy skule.

Mindre arbeid på modulane ved Giske ungdomsskule. I hovudsak utomhusarbeid

I neste periode :

  • Arbeid med A-bygget og uteområdet ved Godøy skule.
  • Mindre arbeid på modulane ved Giske ungdomsskule. I hovudsak utomhusarbeid.