Giske, Sula og Ålesund vert målt mot FN sitt program for berekraft
Giske kommunestyre har vedtatt å delta saman med Sula og Ålesund i FN sitt program for berekraft kalla U4SSC (United for Smart Sustainable Cities) organisert gjennom Ålesund Framtidslab: 92 nøkkelindikatorar fortel kor smart og berekraftig kommunen eller byen er akkurat no, sett opp mot det aktuelle berekraftsmålet av FNs 17 berekraftsmål.
Ålesundsregionen var blant dei første i Noreg med i dette arbeidet, men alle 21 kommunane i Møre og Romsdal er no i gang med prosessen.
Ikkje alle tema er like relevante for oss, ettersom dei skal samanstille nøkkelfaktorar for område og byar over heile verda. Analysa for Ålesundsregionen viser likevel lysegrønt nivå på alle dei tre berekraftsdimensjonane; miljødimensjonen, den sosiale og den økonomiske dimensjonen.
På helsetenester og busetting viser analysa for regionen mørkegrønt, medan ho også indikerar at regionen har lite luftforureining, mange som går og lange nettverk av både sykkelvegar og kollektivnett. Det er lite bilkø og analysen indikerer også grønt når det gjeld overvaking og styring av til dømes transport og energi.
Derimot skårar regionen lågt på tema som vannhandtering/-lekkasjeproblematikk, offentleg transport, byplanlegging, rekreasjonsområder, kulturbudsjett og tryggleik.
Sjå meir om analyseresultata for tema og berekraftmål i regionen, her.
Publisert 22.09.2020 15.21