Giske kommune skal frå 2023 årleg dele ut ein frivillegpris.

Prisen skal gå til ein initiativrik person, lokal foreining/gruppe som har utmerka seg med frivilleg innsats til beste for den enkelte og Giske-samfunnet.

Prisen skal synleggjere frivillegheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode dømer på resultat av frivilleg innsats.
Frivillegheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine vinnarar.
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/gruppe sin frivillege innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Frist for nominering er 1. oktober.
Ein oppnemnt jury beståande av tilsett frå kommunen kommunen, folkevalde, lag og organisasjonar vil tilrå årets prisvinnar til Livsløpsutvalet i november.

Her kan du nominere den du meiner som fortener frivillegprisen