Giske kommune på 3. plass i fylket

Kvart år rangerer NHO kommunane i landet etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.

Giske kommune på 3. plass i Møre og Romsdal.

I kommune-NM er Giske kommune rangert som tredje best totalt i fylket der berre Ålesund og Ulstein går foran. På landsbasis er kommunen rangert som nummer 33 totalt. Denne rangeringa er rekna ut i frå alle kriteria, både næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi. Talgrunnlaget er henta frå 2021.

Når det gjeld næringsliv er Giske kommune rangert på 11. plass i landet. Giske kjem på ein 30. plass på kommunal økonomi og 51. plass på demografi. Dårlegast score får kommunen på kompetanse på 229. plass og arbeidsmarknad på 107. plass.

Kriteria som er brukt i undersøkinga når det gjeld næringsliv er; næringsvariasjon, inntektsnivå, privat sysselsetting og kommunens kjøp av private tenester som andel av driftsutgifter. Kriteria for kommuneøkonomi er administrasjonsutgifter, eigedomsskatt på næringseigedom, kommuneinntekter, kommunal betalingsevne og aldring.