Giske kommune lanserer Friskus aktivitetskalendar

Giske kommune har nyleg publisert den digitale aktivitetskalendaren Friskus på heimesida. Dette bli gjort for å stimulere til fleire møteplassar i kommunen for alle grupper, aldrar og interessefelt.  

Her finn du aktivitetskalendaren.

Friskus er ein digital aktivitetskalendar som samlar alle kommunen sine lag, organisasjoner og aktivitetstilbydarar på ein plass. Målet er at Friskus skal gjere det enkelt for deg som innbyggar å finne ut kva som skjer i kommunen. Alt frå konsertar, yogakurs ungdomstreff og babysong til surfekurs.

I Friskus kan du filtrere søk basert på dine interesser og dermed finne aktivitetar som passar akkurat deg. Friskus kan også nyttast til å rekruttere frivillige.

Portalen er gratis og kan brukast av alle lag, organisasjonar og foreininger. Alle brukarar må godkjennast før ein får tilgang.

Fleire lag og organisasjonar har allereie fått epost og blitt oppmoda om å lage sin eigen brukar og ta kalendaren i bruk.

- Eg er veldig glad for at vi no kan tilby ein felles plattform for møteplassar i Giske kommune. Håpar at aktivitetskalendaren vil gjere det lettare for alle å finne noko å vere med på i fritida, anten du er nyinnflytta eller ser etter andre med same interesser, seier kultursjef Hilde Røsvik. 

Tirsdag 3. oktober vert det arrangert workshop på kommunestyresalen i Giske rådhus med opplæring og gjennomgang av funksjonalitetar. Dersom din organisasjon ikkje har fått invitasjon kan ein melde seg på til:

veronica.elise.sorengen.fauskan@giske.kommune.no

Denne dagen kjem det representantar frå Friskus som står for opplæringa.

Workshop: Tirsdag 3. oktober frå kl. 17.30-19.30, Giske rådhus, kommunestyresalen.

Her er lenke til aktivitetskalendaren Friskus på Giske kommune si heimeside:

giske.friskus.com

Slik ser Friskus aktivitetskalendar ut på Sula og Ålesund sine heimesider. 

Aktivitetskalendar Sula

Aktivitetskalendar Ålesund