Giske kommune har inngått opsjonsavtale med LoginGroup AS
LoginGroup AS har inngått opsjonsavtale om kjøp av 14.000 kvm tomt på Gjøsundneset der dei vil bygge eit fryseri med tilhøyrande parkeringsareal.
Dei neste vekene vil LoginGroup AS gjennomføre grunnundersøkingar på tomta for å sikre at den stettar deira krav til stabilitet.
- Vi er godt nøgde med at vi no har landa ein opsjonsavtale med kommunen. Vi ser fram til at dette skal bli ein nasjonal «one stop» fiskerihamn, seier Terje Viken, styreleiar i selskapet.
Kommunedirektør Karl Andre Birkhol er glad for å kunne dele at ein no har inngått opsjonsavtale med mål om å signere endeleg avtale innan kort tid.
- Dette er eit viktig første steg for kommunen i den vidare utviklinga av området. Når vi har fryseriaktør på plass set vi i gang å planlegg bygging av minimum 150 meter kai, seier Birkhol.
Fiskerihamna vil skape store positive ringverknader for regionen gjennom auka landing av råstoff og nye sirkulære forretningsmodellar. Prosjektleiar Linn Indrestrand jobbar aktivt med fleire aktørar som vil inn i området og med logistikkruter til og frå Gjøsund.
- No når vi vil lande ein avtal med fryseriaktør så vil fleire brikker falle på plass, seier Indrestrand.
Dei neste vekene vil ho delta på messe i Barcelona og på The Next Wave på Øygardshavna på Giske.
- Vi kjem med endå fleire detaljar på The Next Wave. Det er kjekt at vi no får sett vind i segla på alt vi har jobba med dei siste par åra, seier ho.

Illustrasjonsbilde. Skisse av fryseriet slik det kan bli. Kjelde: LoginGoup AS
Sist endra 25.04.2025 09.38