ᴠɪᴋᴛɪɢ ᴍᴇʟᴅɪɴg frå Årim ᴛɪʟ ᴀʟʟᴇ:

Vi opplever store utfordringar med å hente inn avfall på ein trygg måte som følgje av nedbørsmengd og vegføre. Difor ber vi innbyggjarar som opplever manglande tøming av søppel, gjere som følgjer:

- Er dunken full kan du bruke ekstra avfallssekk (t.d ein vanleg svart sekk), som du plasserer ved dunken på neste ordinære tømedag.

- Hastar det og du ikkje har plass til å oppbevare ekstra sekk, minner vi om at du kan bruke miljøstasjonskortet og levere avfallet på nærmaste miljøstasjon.

Vi ber om forståing for at vi må tenke tryggleik først - både for deg som innbyggjar og for våre renovatørar. Vi har drivende dyktige sjåførar, men store, tunge bilar på dårleg føre representerer ein stor trussel for både liv og materielle skadar.

Vi vil minne om å bruke hentekalender på arim.no for informasjon om renovasjonstenesta i jula.

Køyr varsamt!