Frivillegprisen 2024

Er det nokon som gjer ein særskilt frivillig innsats for innbyggjarane våre i 2024? Då bør du nominere vedkomande til Frivillegprisen 2024.

Frivillegprisen vart oppretta og delt ut først gong i 2023.

Under formål og kriterie står det: 

Prisen skal synleggjere frivillegheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode dømer på resultat av frivilleg innsats.
Frivillegheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine vinnarar.
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/gruppe sin frivillege innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Du kan sende inn ditt forslag her: Send inn nominasjon

Tidlegare utdelingar

I 2023 fekk Runa Godø Sæther prisen for sitt gode og engasjerande arbeid i musikklivet i Giske kommune og omegn. Ho er dirigent for Giske blandakor, driv ungdomsgruppa Lyd og lys Valderøya som blant anna er bidragsytar under Giske UKM, og i 2023 var ho prosjektleiar for GISO, det første fellesprosjektet der alle skular og 4 lokale kor arbeidde saman mot framsyningane Giske Science Opera i oktober 2023. 

Runa Godø Sæther Ingvild Nautvik