Framleis uvisst om syreutslepp

Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite, kan ikkje gi eit sikkert svar på om det er farleg å bade i nærleiken av Optimar, der det har vore eit syreutslepp i dag.

 

Kor farleg utsleppet er for omgjevnadene er ikkje heilt avklara enda.

«Så lenge det er såpass uavklart korleis dette stoffet er så vil eg oppfordre folk til å ta sine forholdsregler og vere forsiktige. Vi kan ikkje svare eksakt på korleis denne syra reagerer med vatn eller om den i det heile har rent ut i grunnen og sjøen» seier Reite.

Han opplyser vidare at bedrifta sjølv jobbar med å kontakte produsenten av stoffet for å få fleire opplysningar og  få kartlagt kva eventuell skade det kan gjere.

Bedrifta Optimar ligg på Sætra på Valderøya. Det er ein tank på rundt 20.000 liter som det har lekka syrehaldig væske frå. Lekkasjen er stansa, men det skal ha lekka 14.000 liter ut. Av desse er 8.000 liter sugd opp igjen. Det er framleis uavklart kvar resten har hamna. Det opplyser politiet torsdag ettermiddag. Kriminalteknikarar er på veg til bedrifta og skal gjere undersøkingar der.

Nabobedrifta Scanprod, som bearbeidar og konserverar fisk, har stoppa sin produksjon midlertidig.