Forskrift om bandtvang

I Noreg er det allmenn bandtvang for hundar i perioden 1. april - 20. august.

Dette betyr mellom anna at "...en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo."

Det er eiga forskrift om bandtvang i Giske.

Giske kommunestyre vedtok i 2015 i tillegg ei lokal forskrift om bandtvang i Giske. Forskrifta finn du på Lovdata.

Denne gjeld :

  • Heile året i og i tilknyting til bustadområde, handleområde, idrettsanlegg, gravplassar og der husdyr beiter på innegjerda område.
  • Heilårig bandtvang i utmarka/ fjellsida på nordsida av Godøyfjellet mot Alnes
  • Heilårig på øya Giske.
  • I tida 21. august til 20. september i dei område i kommunen der storfe, sau, geit eller hest beiter.

Ein kan søkje om dispensasjon frå allmen bandtvang i spesielle høve, jfr. §9 i Hundelova.