Fornyar samarbeidsavtale for politiråd i kommunane Ålesund, Sula og Giske

Tysdag 1. mars møtte politistasjonssjef Oddbjørn Solheim ordførarane i Ålesund, Sula og Giske. Dei tre kommunane og politiet fornya samarbeidsavtalen dei har for det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet.

SAMARBEID OM POLITIRÅD: Tysdag underteikna politistasjonssjef Oddbjørn Solheim og frå venstre,  Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll, Giske-ordførar Harry Valderhaug og Ålesund-ordførar Eva Vinje  Aurdal, samarbeidsavtale for det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet. - Klikk for stort bilete Ålesund kommune    

Eit godt samarbeid i det kriminalitetsførebyggande arbeidet kan førast heilt tilbake til 2008. Det var då ein oppretta det fyrste politirådet for dåverande Ålesund, Sula og Giske. Politiet og kommunane såg at dei hadde mange felles problemstillingar som best kunne løysast saman. Signeringa tysdag er slik ei vidareføring av tidlegare gode relasjonar. I nasjonal samanheng var politiet og dei tre kommunane tidleg ute med å oppfylle krava etter Stortingsproposisjonen nr. 1 frå 2006-2007. Det var den som sa at det skulle etablerast politiråd og eit formalisert samarbeid mellom politi og ein eller fleire kommunar. Hovudmålet med samarbeidet då som no er at kommunane våre skal vere trygge lokalsamfunn for alle. I signeringa er det lagt inn satsingsområde for 2022. Av desse ser ein ei ekstra vektlegging på at barn og unge skal ha det bra der dei bur, og på tvers av kommunegrensene der dei møtes. Satsingsområda framover er blant anna at ein saman utviklar av strategiar for å forebygge vald og overgrep i nære relasjonar, førebygge mobbing og gjennomføre førebyggande rusarbeid. Vidare at ein skal følgje opp den nye rettleiaren innan radikalisering og valdeleg ekstremisme som kjem om kort tid. På kvar sine felt plukkar politiet og dei tre kommunane opp trendar og utviklingstrekk. Politiråda er ein god arena, spesielt for det førebyggande arbeidet. Til dømes er det gjensidig nyttig å saman diskutere utfordringane vi ser innan psykiatri. Ved å møtes kan ein saman utarbeide forpliktande handlingsplanar og god samhandling. Det gjer vi saman og vi kan gjere det også til dømes saman med næringslivet, frivillige organisasjonar og interesseorganisasjonar.

POLITIRÅD

■ Er ein av nærpolitireforma sine seks prioriterte funksjonar.

■ Er et rådgivande overordna organ, som skal drøfte og avklare strategiske problemstillingar for samarbeidet mellom kommune og politi.

■ Har som ein av hovudoppgåvene å bidra til at kommune og politi tek felles ansvar for kriminalitetsførebygging og tryggheita til innbyggarane.

■ Avtalen som er signert gjeld ut 2022

BILDE:

SAMARBEID OM POLITIRÅD: Tysdag underteikna politistasjonssjef Oddbjørn Solheim og frå venstre, Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll, Giske-ordførar Harry Valderhaug og Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, samarbeidsavtale for det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet