Forlengar lokal forskrift ved Ålesund lufthavn Vigra ankomst utland

Forlengar lokal forskrift til med 18.02.2022. 
 

Forskrifta har verknad frå 02.12.2022 til og med 18.02.2022. Virkeområde er publikumsareal ankomst utland i teminalbygget ved Ålesund lufthavn, Vigra.

Heimel: Vedteke i beredskapsleiinga i Giske kommune 02.12.2022 med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 førsteleddbokstav a og c, jf. Kommunen sitt delegeringsreglement, jf. kommunelova § 11-8, delegert mynde til beredskapsleiinga i sak 21/6894- tillegg i delegeringsreglementet § 11-8 hastesak i samband med covid-19.

§ 1: Iverksetting

Forskrifta trer i kraft frå 02.12.2022 med verknad til og med 18.02.2022. Kommunen kan forlenge, oppheve og endre forskrifta.

§ 2: Verkeområde

Giske kommune, publikumsareal ankomst utland i teminalbygget ved Ålesund lufthavn, Vigra.

§ 3: Føremål

Forskrifta sitt føremål er å setje i verk smittevernfaglege tiltak for å hindre eller begrense spredning av Covid-19 i befolkninga.

§ 4: Unntak frå forskrifta

Påbodet gjeld ikkje for personar under 12 år og personar med medisinske tilstandar som vil ha unødig ulempe av å bruke munnbind.

§ 5: Straff

Forsettlig eller uaktsom overtredelse av bestemmelsar i denne forskrifta vert straffa med bøter eller fengsel inntil 6 måneder jf. smittevernloven § 8-1.