Foreslår å frede Vigra kringkastar

Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt ut fredningsforslag med høyringsfrist 14. oktober.  Vigra kringkastar har vore midlertidig freda sidan 13. juli 2018. 

Kringkastaren har spelt ei nøkkelrolle i å gjere Noreg til ein moderne fiskeri- og kystnasjon. Og han er eit symbol på tilhøyrsle, fellesskap og motstandskamp, spesielt knytt til krigshendingane i april 1940. No vil Møre og Romsdal fylkeskommune sikre dei kulturhistoriske verdiane for framtida, og foreslår å frede Vigra kringkastar.  

Forslaget, som inneber freding av både anlegget og stasjonsområdet, vert no sendt ut på høyring med frist 14. oktober 2024.

Forslaget er lagt ut på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider.