Foreldrekveldar med tema skulefråvær

Giske og Ålesund kommune inviterer saman til tre foreldrekveldar med tema skulefråvær.

Målet er å gi informasjon til foreldre, førebyggje og klargjere utfordringane som skulefråvær kan føre med seg. Det vil bli innlegg frå ulike tenester i kommunane, og moglegheit for å stille spørsmål og dele erfaringar undervegs dersom ein ønskjer det.

Stad: Spjelkavik ungdomsskule, Idrettsvegen 16, 6011 Ålesund
Tid: 18.00-20.30

Tema for samlingane


Onsdag 5. mars:

  • "Det er som å være i en gummistrikk som blir strekt alle veier" - masteroppgåve om foreldre sine opplevingar ved skulefråvær
  • Grunnskoleteamet (Ålesund) presenterer erfaringar i møte med elev, foreldre og skule
  • Informasjon om BTI og Barn- og unges helsetenester
  • PPT- mandat og ny opplæringslov opp mot skulefråvær


Onsdag 12. mars:

  • Barneverntenesta presenterer lovverk og mandat knytt til skulefråvær
  • Skulehelsetenesten fortel om arbeidet sitt og korleis ein kan bidra inn mot skulefråvær, mot elev, føresette og skule
  • Livet & Sånn presenterer nytt opplæringsmateriell om skulefråvær som er under utvikling
     

Onsdag 19. Mars:

  • Gaming og fritidsaktivitetar, inkludering og utanforskap
  • Korleis blir familien påverka, og kva kan hjelpe?
  • Korleis jobbar kommunen med skulefråvær? Representantar frå kommuneleiing frå begge kommunar informerer.

 

 Meld deg på foreldrekveldane her

Har du spørsmål?

Ta kontakt med leiar for samhandling og koordinering, Merethe Våge:

E-post: merethe.kristin.vage@giske.kommune.no

Tlf: 900 80 293