Felles formannskapsmøte i dag

Dei tre formannskapa frå Sula, Ålesund og Giske hadde i dag eit felles arbeidsmøte på Teams, leia av sine respektive ordførarar Eva Vinje Aurdal, Jim Arve Røssevold og Harry Valderhaug på Framtidslaben på NMK.

 

Målet med eit felles formannskapsmøte var å bli betre kjent, diskutere felles politiske saker med betydning for heile regionen.

Arbeidet skal vere med å styrke Ålesundregionen som ein konkurransedyktig og bærekraftig region.