Færre får praktisk bistand

Giske kommune gjennomfører no vedtaket om å redusere tilbodet om praktisk bistand, gjeldande frå 15. mars 2021.

 

Vedtaket blei fatta i Giske kommunestyre 3. desember 2020 i samband med budsjetthandsaminga. Kommunen har gått gjennom alle som får tenesta og vurdert kven av brukarane som blir prioritert vidare. Dette betyr at fleire innbyggarar som har praktisk bistand i heimen i form av husvask og reingjering ikkje lenger vil få denne tenesta av kommunen. Fredag 29. januar går det ut eit førehandsvarsel til dei dette gjeld.

"Vi forstår at dette vil påverke situasjonen for den enkelte, men vil samstundes gjere merksam på at det er private aktørar som leverer slike tenester slik at den som har eit behov kan få dette dekt", seier kommunalsjef Lene B. Overå.

Innan utgangen av februar blir det sendt ut eit omgjeringsvedtak der tenestetilbodet formelt vert trekt tilbake. Det vil vere opplyst klagerett på dette vedtaket.