Endringar i den kommunale kontantstønadenLytt til tekstenStopp avspilling Giske kommune innførte frå hausten 2013 ei ordning om kommunal kontantstønad. I kommunestyresak 34/20 den 07.05.2020 blei det gjort endringar i vedtektene. Perioden for kontantstønad må vere på seks månadar eller meir. Dersom perioden blir avbroten, må utbetalt stønad tilbakebetalast, Dette gjeld etter 01.08.2020 Stønaden blir gitt frå månaden etter at søknaden er motteke Perioden for kommunal kontantstønad gjeld born i alderen 24 mnd – 33 mnd Sats for kommunal kontantstønad er kr 4 000,- per månad Det blir ikkje gitt kommunal kontantstønad for born som har plass i barnehage på telledatoar for tilskot til private barnehagar (15.08. og 15.12). Publisert 19.05.2020 11.48