Det er meldt om ein ny positiv koronatest i Giske kommune søndag ettermiddag.
Smitten er knytt til utbrotet i Ålesund med utgangspunkt ved Toldboden. Smittesporing er iverksett, men det ser ikkje ut til å vere mange nærkontaktar i kommunen.
Det er mange smitta i Ålesund etter samlinga på Toldboden helga 17. og 18. april. Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen oppfordrar dei som har vore der desse dagane om å teste seg sjølv om dei ikkje har symptom.
Publisert 25.04.2021 20.50