Ein ny smitta, tiltak iverksettast
Ein person i Giske kommune har fått påvist koronasmitte. Det er tre barn i familien, eitt barn går i Giske barnehage, eitt barn på Giske skule og eitt barn på ungdomstrinnet på Godøy skule.
Familien blir testa i dag og det er venta svar på test i morgon.
Fram til vi har svar på testane må desse vere i ventekarantene:
- Barn og tilsette ved to avdelingar i Giske barnehage
- Elevar og tilsette ved 1.-4. trinn Giske skule
- Tilsette ved Giske SFO
- Elevar og tilsette på 8. og 9. trinn ved Godøy skule
Giske barnehage, Giske skule og Godøy skule (5.-10. trinn) må halde stengt i morgon fredag.
Det er planlagt testing av barn og tilsette ved barnehagen og skulane.
Dei som skal teste seg får nærare beskjed.
Husstandsmedlemmar til dei som er i ventekarantene får IKKJE karantene.
Publisert 25.03.2021 19.15