Dugnad på ungdomsskulen

No har fotballbingen fått seg ein heilt nødvendig oppgradering, nye teqballbord er på plass saman med basketkorgene.

Heile tolv frivillige møtte til dugnad gjennom FAU på ungdomsskulen og Frivilligsentralen denne veka. Det vart skifta ut ein del materiale på fotballbingen slik at den no er heilt i orden igjen. To teqballbord vart sett saman og plassert i nærleiken av fotballbingen. Dei er no klare til bruk.

Teqball er ein av verdas raskast veksande sporter. Årsakene til at sporten veks så fort som den gjer er mange, men hovudgrunnen er nok at dette er ein utruleg inkluderande sport der alle kan delta, uavhengig av kjønn, aølder og ferigheitsnivå.

  • Så med oppgradert fotballbinge, basketkorger og teqballbord håpar vi at desse blir brukt både på dag- og kveldstid, seier Ernst Valderhaug, leiar på Frivilligsentralen.

Dei nye teqballborda er kjøpt inn i eit spleiselag med Frivilligsentralen, oppvekst og kulturkontoret. Ballbingen er sponsa med Teft-midlar frå Sparebanken Møre.