Du er ein del av beredskapen i Norge

Når samfunnet blir ramma av ei omfattande hending eller krise er det mange som treng hjelp. Om vi er mange som er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss under ei hending, kan vi sette inn hjelpa der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge.

Kva treng du?

I lista ser du eksempel på ting ein kan ha i hus for å klare seg i minst tre døgn. Tenk gjennom kva som trengst der du bur.

  • 9 liter vatn per person
  • 2 pk knekkebrød per person
  • 1 pk havregryn per person
  • 3 boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • 3 boksar pålegg med lang lagringsevene per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/ toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstopp og ved/ gass/ parafin/ raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar

 

Klikk her for å lese heile brosjyra med råd om eigenberedskap.