Du er ein del av beredskapen i Noreg

Du er ein del av beredskapen i Noreg. Om du er førebudd på å ta vare på deg sjølv (og dei rundt deg) i ei krise, utgjer du ein viktig forskjell for beredskapen i landet. Då bidreg du nemleg til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud.

 

DSB anbefaler at alle husstandar er førebudd på å klara seg sjølv i minst tre døgn dersom straum, vatn eller annan kritisk infrastruktur blir borte ein periode.

 

For meir informasjon om eigenberedskap sjå Sikker hverdag | Sikkerhverdag