Digital avslutning for barnehagane og utviklingsarbeidet "To fram"

I perioden 2018 - 2020 har Giske kommune og Sula kommune samarbeida om eit utviklingsarbeid om implementering av den nye rammeplanen for barnehage. Utviklingsarbeidet har fått tittelen "To fram", og i dag blei utviklingsarbeidet avslutta med ei digital sending via Teams.

  

Sendinga blei opna med ei helsing til dei tilsette frå kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Ho skrytte av måten barnehagane har jobba på med å heve kvaliteten i barnehagane.

 

Vidare i sendinga losa pedagogisk rådgivar barnehage i Giske kommune, Cecilie Holen, og seniorrådgivar barnehage i Sula kommune, Jeanette Reiten, tilhøyrarane gjennom utviklingsarbeidet. For å arbeide målretta og heilhetlig med leiarskap i barnehagen og implementering av rammeplanen, knytte kommunane til seg ekstern kompetanse og rettleiing gjennom Grete Helle og Tom Rune Fløgstad i Ringer i vann. Kommunane hadde eit mål om god kvalitet i alle barnehagane, da alle barn, uavhenging av om barnehageeigeren er kommunal eller privat, er kommunen sine innbyggera. Kommunane var opptatt av å reduserer graden av «flaks/ uflaks» for barna til eit minimum. 

Gjennom årlege samlingar for alle tilsette har Ringer i vann sørga for at alle tilsette har eit felles kunnskapsgrunnlag. I tillegg har det vore halvårlige leiarsamlingar der pedagogiske leiarar og styrarar har fått opplæring i utviklings- og læringsverktøy. Det har styrka dei som leierar av den lærende organisasjonen barnehagen er.

Giske kommune og Sula kommune ønskte å arbeide aktivt med innhald og kvalitet, med mål om å gjere enkeltbarnet godt rusta for livsmeistring her og no, og for framtida. Det har vore gjort strålande arbeid både internt i kvar barnehage, og også i grupper på tvers av kommunane.

I samarbeid med Fuglefjellet har dei tilsette laga ein film der dei fortel om tema dei har jobba med i utviklingsarbeidet: 

  • nærmiljø og samfunn
  • turar og leik i naturen
  • fysisk aktivitet og sansemotorikk
  • søvn
  • tryggheit, omsorg, tilknytting og hjerneutvikling
  • velkomst og avskjed i barnehagen
  • leikemiljø i barnehagen
  • handlingsplan mot mobbing i barnehagen
  • heilskapleg tenking i det spesialpedagogiske arbeidet
  • progresjon i barnehagen
  • førskulearbeidet i barnehagen
  • kreativ bruk av IKT i barnehagen
  • pedagogisk dokumentasjon

 

Eit av måla i utviklingsarbeidet har vore å lage ein handlingsplan for å få minoritetsspråklege barn tidlegare inn i barnehagane. Foreldre frå ulike land har delt sine erfaringar frå barnehagen i enno ein film laga i samarbeid med Fuglefjellet.

 

Dagen blei avslutta med stemningsrapportar frå alle barnehagane, som fulgte sendinga frå kvar sine kantar. Ein skikkelig festdag for dei tilsette i barnehagane i dei to kommunane! Og no har også alle barna i Giske kommune og Sula kommune flaks, uansett kva barnehage dei går i!