Brøyting og strøing

Giske kommune har i dag ca. 88 km kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelvegar. Desse vegane er fordelt inn i 7 brøyteroder. Giske kommune brøyter sjølv ei av rodene. Giske kommune har avtale med private brøytarar for dei 6 resterande rodene. 

Kommunale retningslinjer for brøyting og strøing (PDF, 73 kB)

Kravsspesifikasjoner (PDF, 153 kB)

Kven har ansvar for kva?

Giske kommune sitt ansvar:

Giske kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale køyrevegar med tilhøyrande gang- og sykkelvegar, og gang- og sykkelvegar langs fylkesvegane.

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ansvar:

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for brøyting og strøing av fylkesvegane.

Statens vegvesen sitt ansvar:

Statens vegvesen har ansvar for brøyting og strøing av riksvegen og gang- og sykkelveg langs riksvegen.

Private sitt ansvar:

Private vegar skal driftast og vedlikehaldast  av dei som brukar vegen i henhald til veglova § 54. Brøytekantar mot private vegar og innkøyringar må vedlikehaldast av den enkelte eigar eller velforening.

 

Kven eig vegen:

Sjå vegkart for kven som eig vegen. 

Rv (riksveg) er eigd av Statens vegvesen.

Fv (fylkesveg) er eigd av fylkeskommunen.

Kv (kommunal veg) er eigd av kommunen.

Pv (privat veg) er eigd av private.

 

Brøytekart:

Øvre Vigra (PDF, 2 MB)

Nedre Vigra (PDF, 676 kB)

Valderøya (PDF, 2 MB)

Gjøsund  (PDF, 2 MB)

Godøya  (PDF, 2 MB)

Alnes (PDF, 805 kB)

Giske (PDF, 2 MB)

 

Meld frå om feil:

Bruk meldingstenesta for å melde frå om feil eller manglar ved brøyting, renovasjon, parkering, gatelys, forureining/forsøpling, vatn, avløp og kommunal veg. Dersom feilen er kritisk ta kontakt med vakttelefonen på 900 18 425.

Meld om feil

Trafikkforhold på fylkesveg eller riksveg skal varslast til Vegtrafikksentralen på tlf. 175. Vegmeldingane finn ein på 175.no.