Betring i busstilbodetLytt til tekstenStopp avspillingMøre og Romsdal fylke har lagt ut info om betring av busstilbodet i Ålesundsregionen frå 1. mai. "Med det nye tilbodet blir det ein auke i tilbodet i Ålesund og Giske, betre forbindelse mellom Sykkylven og Ålesund, og raskare reise mellom Sula og Ålesund med buss. I tillegg blir det meir effektive traséval og omlegging av enkelte ruter som gjer at bussen går raskare. Og ikkje minst blir det eit betre tilbod søndag morgon og formiddag, slik at det blir enklare for dei som jobbar helg å bruke kollektivtransport." Sjå meir på https://mrfylke.no/Organisasjon/Kommunikasjon/Pressemeldingar/Fleire-endringar-paa-busstilbodet-i-AAlesundsomraadet-fraa-1.-mai-2018 Publisert 17.04.2018 10.17