Balansegrupper våren 2023

Balansegruppene for våren 2023 er avslutta for denne gang. Vi har hatt gruppe innandørs og for første gang ei gruppe utandørs.

Balansegruppene er treningsgrupper som er retta mot deg som bur heime, og som ønsker å meistre og bli tryggare i daglege gjeremål.  

Vi gjennomfører styrke- og balansetrening med mål at den enkelte skal bli sterkare og stødigare.  

Lurer du på om gruppene kan vere noko for deg? 

  • Er trappene tyngre å gå i dag enn før? 
  • Er det utfordrande å holde balansen når du skal plukke opp noko frå golvet? 
  • Er det tungt å reise seg frå stolen?  
  • Er kvardagslege gjeremål meir utfordrande enn tidlegare? 

 Om du ønsker å melde deg på eller få meir informasjon om gruppene, ta kontakt med oss i Kvardagsrehabiliteringa i Giske kommune: 

Helle Røkke tlf.: 417 02 361 

Oppstart haustgrupper: september 2023 

Varigheit: 12 veke 
Vi gleder oss til oppstart av nye grupper til hausten!