Åtte nye smitta

Giske kommune har fått bekrefta åtte nye positive testar i samband med smitteutbrotet blant tilsette på Subsea 7 på Vigra. 

 

I tillegg til desse åtte må ein test takast om igjen for å gi sikkert resultat. Smittesporing pågår framleis. 

Kommuneoverlegane i Giske og Ålesund skal ha møte med bedriften i løpet av kvelden for å vurdere tiltak vidare.