Arbeidsgivarar som stiller innkvartering til disposisjon for utanlandske arbeidarar, må søkje Arbeidstilsynet om godkjenning
Hovudregelen er at innreisekarantene skal bli gjennomført på eit innreisekarantenehotell der du kjem til Norge. Det einaste innreisekarantenehotellet i fylket er Scandic Parken Hotell. Arbeidsgivarar som ønskjer å stille med innkvartering for sine utanlandske arbeidarar sjølv, må no søkje Arbeidstilsynet om godkjenning.
Arbeidsgivar må søkje Arbeidstilsynet om godkjenning uansett om ein har planlagt å ha innkvartering på andre hotell enn innreisekarantenehotellet, i brakker, boligar eller liknande.
Krav til innkvartering er at arbeidstakarane skal ha:
- einerom med tv og internett
- eige bad og toalett
- eige kjøkken eller matservering
- moglegheit til å unngå nærkontakt med andre
Korleis søkje:
Arbeidsgivar går inn på Arbeidstilsynet si nettside og følgjer link derfra for å søkje: Godkjenning av innkvartering for arbeidstakere i innreisekarantene (arbeidstilsynet.no)
Der finn arbeidsgivar også meir relevant informasjon om t.eks. kva dokumentasjon som må leggjast ved søknaden, behandlingstid og befaring.
Ved bruk av innreisekarantenehotell
Dersom arbeidsgivar har tenkt å bruke godkjent innreisekarantenehotell treng dei ikkje søkje, men Giske kommune sett pris på om arbeidsgivar varslar kor mange arbeidarar som er venta når, slik at vi er budd på å ta imot dei.
Innreiseregistrering
For betre smittekontroll skal alle som reiser til Norge frå raude land registrere seg på digital innreiseregistrering.
Publisert 26.02.2021 13.05