Arbeidet med marine grunnkart er i gangsett
Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI) har i vår sett i gang sjøkartlegginga i pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona», der sjøområda i Giske og Ålesund kommunar er eitt av tre pilotområde.
Dei marine grunnkarta i kystsona skal bidra til ei berekraftig utvikling av kystsamfunna, og til styrking av dei marine og maritime næringane. Regjeringa har løyvd 13,8 millionar kroner over statsbudsjettet til oppstart i tre område langs kysten:
Det er Stavanger, Giske og Ålesund, og Skjærvøy og Kvænangen.
Kart som viser bunnreflektivitet er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:
Sjå her: Mareno
Bunnreflektivitet frå multistråleekkolodd gir informasjon om variasjon i bunntype.
Dybdedata, helling og ruheit er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:
Kartet kan du sjå nærare på her: Dybdedata
Publisert 25.02.2021 14.42