Alnes og Godøyfjellet - offentlege parkeringsplassar
Vi oppmodar alle som skal besøke Alnes og Godøyfjellet til å bruke dei offentlege parkeringsplassane som er tilgjengelege, sjå kart (PDF, 132 kB).
Vennlegst ta omsyn til det unike miljøet. Gå ikkje over markane, men følg skilting og stiar. Innmarka er fôr til dyra.
Kast ikkje søppel i naturen, men ta med deg avfallet ditt heim eller kast i dunk på Hestevika. Offentleg WC oppe ved Alnes fyr. Husk at på Alnes er det heilårleg bandtvang.
God tur :-)
Det er ofte svært mange besøkande på Alnes og Godøya, og ikkje alltid like lett å finne ledige parkeringsplassar.
Vi erfarer dessverre at mange "villparkerer" inne i Alnesgrenda noko som gir store utfordringar for lokalbefolkninga og hindrar utrykningskøyretøy i kome fram. Bruk derfor oppmerka parkeringsplassar.
Publisert 14.11.2017 10.23