27 dagar med sommaraktivitetar

Giske kommune og Frivilligsentralen har også denne sommaren arrangert sommaraktivitetar. 

Det har vore stor variasjon og mange tilbod både i og utanfor kommunen, alt frå vannsport på Giske til besøk ved Atlanterhavsparken og Valldal Aktivitetspark.

 Heile 27 dagar i ferien har barn og unge fått tilbod om å vere med. Det har vore god påmelding med mellom 25 og 60 barn og unge per dag frå alle øyane som har deltatt på aktivitetane.

Ernst Valderhaug på Frivillegsentralen har lang erfaring med å arrangere sommaraktivitetar i ferien.

-          Aktivitetane er populære og vi trur både deltakarar og foreldre er glade for at vi gjennomfører desse i ferien. I år har vi også vore heldige å ha seks flotte ungdommar saman med oss som har hatt sommarjobb. Utan desse hadde vi ikkje fått dette til, så takk til desse ungdommane og til alle lag som har stilt opp for å hjelpe oss med gjennomføringa. Takk også til Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelse og BUF dir som gjer dette muleg, seier Valderhaug.