Nye Vigra skule skal stå ferdig i 2027

Vi er i full gang med arbeidet med nye Vigra skule. I byggeperioden vil vi drive skule i midlertidige lokaler for fem klassetrinn. To klassetrinn har klasserom i hovedbygget frå 1957. 

Planen er at skulen skal stå ferdig i 2027, dersom tidsskjemaet held, skal vi flytte inn i klasserom og arbeidsrom på vårparten i 2027, slik at veg og parkering er på plass til skulestart august 2027.  

Frå no og fram til innflytting held skulen til i to bygg, 57-bygget og brakkemodulane som vi kallar for Vollane.  Elevar og tilsette har fått lyse fine klasserom i bygget Vollane. 

Uteområdet vårt vil verte noko mindre i byggeperioden, heldigvis får vi disponere arealet på nedsida av bygga, i tillegg har vi friarealet mot sør, som kommunen har kjøpt med tanke på utbygginga. I tillegg har vi den fine skulestranda, som ligg fint til rette. 

Artikkelliste