Foreldrerådet og samarbeidsutval
Sist endra 29.10.2024 10.53

For å sikre samarbeidet mellom barnehagen og barnas heim skal barnehagen ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet består av foreldre til alle barna og skal fremme foreldrenes fellesinteresser. Foreldrerådet skal bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og heimen skapar eit godt barnehagemiljø.
Samarbeidsutvalet består av foreldre og tilsette i barnehagen samt representant frå eigar. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ som skal mellom anna:
- Bidra i samarbeidet om barnehages innhald, til dømes årsplan og handlingsplanar
- Sikre at foreldre har påverking i barnehagen
- Komme med råd og innspel til kvardagen i barnehagen
- Vere med på å arrangere dugnader eller temakveldar i barnehagen
- Foreldrerepresentantane som er valt inn i samarbeidsutvalet er kontaktpersonar for foreldre som dei kan vende seg til med saker dei vil ha belyst.
Samarbeidsutvalet for Vigra barnehagen består av
Foreldre: Ingrid Heggem Synes (leiar) og Miriam Godø
Vara: Marlene Dyd Valderhaug og Britt-Aina Kleivan-Roald
Tilsette: Maria Skjong Valderhaug og Inger Valderhaug
Vara: Camilla Skjong Valderhaug
Representant frå eigar; Giske kommune: Randi Kleivan
Vara: Cecilie Skodje