Søk om avkøyrsel

Med avkøyrsel meinast ein køyrbar fysisk samankopling mellom ein privat veg og ein offentleg veg.

Kva er søknadspliktig?

Anlegge, endre eller utvide eksisterande avkøyrsel er søknadspliktig etter veglova § 40. Det kan vere fysiske endringar eller endra bruk. Om du skal etablere éin eller fleire nye bueiningar som skal bruke ein eksisterande avkøyrsel, så er også dette søknadspliktig.

Ver oppmerksam på at avkøyrselen kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova:
Om gjeldande reguleringsplan viser ein annleis avkøyrsel enn det du søker om, må det søkast om dispensasjon frå planen. Søknaden må då behandlast etter plan- og bygningslova kapittel 19. Reguleringsplanar som omfatter avkøyrsle har enten innteikna avkøyrsel, innteikna pil som viser plassering av avkøyrsel eller føringar i føresegna til planen.

Om det ikkje finnast ein reguleringsplan for området eller reguleringsplanen ikkje omfatter avkøyrsel, skal søknad behandlast etter veglova.

 

Kven behandlar søknaden din?

Søknad etter veglova blir behandla slik:

  • Kommunal veg: Kommunen.
  • Fylkesveg: Fylkeskommunen.
  • Riksveg: Statens Vegvesen

Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan blir behandla av kommunen, uavhengig av kven som er vegeigar.

 

Slik søker du

Søknad om avkøyrsel som skal behandlast av kommunen sendast til post@giske.kommune.no.

For søknad som skal til fylkeskommunen får ein rettleiing her.

Søknad til Statens Vegvesen gjer ein på nettsida til Statens Vegvesen.

 

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden sitt innhald

- Situasjonsplan i målestokk 1:500, der avkøyrsel er innteikna med breidde og frisikt trekant. Kartet skal også ha innteikna sporingskurve/svingradius som viser moglegheit til å snu på eigen grunn. Bygg, murer og eventuelle sikthindringar må visast på kartet. 
- Vis også på kart eventuell gammal avkøyrsel som skal stengast.
- Teikning av lengdeprofil som viser avkøyrselen sitt stigningsforhold.
- Dokumentasjon av nabovarsling og eventuelle merknader (gjeld berre søknad etter plan- og bygningslova).
- Eventuelt dispensasjonssøknad, dersom søknaden gjeld ein anna plassering av avkøyrsel enn det som er vist i gjeldande reguleringsplan. Dersom ønska løysing er i strid med krav i forskrift om avkøyrsler frå offentleg veg, må det også søkast dispensasjon.
- Viss avkøyrselen omfatter areal på anna manns grunn må det dokumenterast at det føreligg ein tinglyst avtale om dette. Dette gjeld også for avkøyrsler med mindre avstand enn 1 meter frå nabogrense jamfør byggesaksforskrifta § 4-1 bokstav f nr. 10.

 

Krav til avkøyrsel

Ein kvar avkøyrsel representerar eit potensielt konfliktpunkt, og vi prøver dermed å begrense antall avkøyrsler og stiller krav til utforming for å ivareta trafikksikkerheita.

Antall og plassering

Alle eigedomar skal i utgangspunktet ha éin avkøyrsel. Der det er mogleg bør fleire eigedomar gå saman om ein felles avkøyrsel.

Avkøyrselen skal som hovudregel leggast til sekundært vegnett, altså til mindre trafikkerte, underordna vegar. Vi vil i særleg grad unngå avkøyrsler til hovud- og samlevegar, og til kollektivårer.

Avkøyrselen må anleggast mest mogleg vinkelrett på offentleg veg.

Breidde

Ved bustad skal breidda på avkøyrselen vere maks 5 meter brei der den møter offentleg veg.

Avkøyrselen skal vere tydeleg fysisk avgrensa, slik at all inn- og utkøyring til eigedommen skjer på dette punktet.

Stigning og fall

På dei første 2 meter frå fortauet/vegkanten skal avkøyrselen ha eit jamnt fall vekk frå vegen på 1:40(2,5%). Vertikalkurve med radius ≥ 40 m (lavbrekk) eller ≥ 60 m (høgbrekk) nyttast som overgang til avkøyrselen sitt vidare forløp.

For dei første 50 meter frå offentleg veg skal avkøyrselsvegen ha maksimal stigning eller fall på 1:8(12,5%). 

Siktkrav

Det skal vere ein siktsone mellom gate/veg og avkøyrselen. Det skal ikkje vere sikthindringar høgare enn 0,5 meter innanfor siktsona. Verken terreng, innretningar, snø eller vekster skal vere høgare enn dette. Storleiken på siktsona er avhengig av vegen si fartsgrense og trafikkmengde på staden. Krav til siktsoner er vist nedanfor.

 

 

 

Moglegheit til å snu på eigen grunn

Det må visast på kart at det er plass til å snu på eigen grunn, altså utanfor eksisterande eller regulert veggrunn. Viss nødvendig snuareal omfattar areal på nokon andre sin eigedom, må du ha ein tinglyst avtale om dette før avkøyrselen kan godkjennast.

Moglegheit til å snu visast med teikning av sporingskurve/svingradius for aktuelt køyremønster. Mange teikneprogrammer har ein eigen funksjon for å teikne slike sporingskurver.

Nedanfor er det vist døme på sporingskurver for personbil når ein skal svinge i forskjellige vinkler. Større køyretøy som lastebil, buss og vogntog har større sporingskurver og svingradius. Fleire sporingskurver er vist i tillegg A til Statens Vegvesen si handbok N100.

Parkeringsplasser

Du må vise på kart/teikning at du oppfyller kravet til antall parkeringsplassar, viss det står eit slikt krav i føresegna til gjeldande reguleringsplan. Viss planen ikkje seier noko om dette gjeld krav i kommuneplanen sin arealdel.

Parkeringsplassar kan ikkje ligge i siktsone.

 

Gebyr

Behandling etter veglova § 40 er gratis.

Behandling av søknad om dispensasjon frå reguleringsplan er gebyrbelagt. Gebyrregulativet finn ein her.

 

Lovheimler

Veglova §40-43

Forskrift om avkøyrsler frå offentleg veg

Plan- og bygningslova