Vatn

VA-kontoret utførar alle teneste knytt til drift av vatn og avløpsrenseanlegg i tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn- og avløpsnettet inkludert reservevassløysinga som kjem frå Ålesund kommune nær det er nødvendig.

 Vassforsyning:

Giske kommune har i dag god tilgang på den viktigaste ressursen av alle i dagens samfunn, reint drikkevatn. Målet til kommunen er å ha ein sikker levering med tanke på både mengde og kvalitet til ein kvar tid uavhengig kvar ein bur i kommunen.

Giske kommune har to moglegheiter for vassforsyning som begge kan gje vatn til heile kommunen:

Giske kommunale vassverk: får råvatnet sitt frå Alnesvatnet og produserer normalt alt vatn som forbrukes i Giske kommune.
Ålesund vassverk: får råvatnet sitt frå Brusdalsvatnet og er reservevasskilde til Giske kommune ved hendingar på eige vassverk.
Alnes vassverk: får reinsa vatn frå Giske vassverk til leveranse på Alnes.

Vasskvaliteten blir overvaka gjennom vassprøver tatt på forskjellige stader i kommunen kvar veke. Prøvene blir analysert hos eit privat firma (Eurofins). Resultata blir sendt til Mattillsynet og lagt ut på Giske kommune sin nettside slik at alle som har behov for det får innsikt jamfør drikkevannsforskrifta.

Sjå vassprøvar (2020-2023) her.

Historiske vassprøver (2016-2019).

 

Hardheit på vatn

Hardheit på vatn
Tysk grad Milligram Ca Millimol Ca
2 14 0,4

 

 Overgang til digital sanitærsøknad frå 01.01.2020

Giske kommune har gått over til digitale behandling av sanitærsøknadar og arbeid på avløpsnettet.

Frå 01.01.2020 har Giske kommune gått bort frå papirsøknadar når det gjeld sanitærløyve og arbeid på vass- og avløpsnettet i kommuna. Det nye systemet er heildigitalt, og er levert av Volue/ Powel. Måten det nye systemet funkar på, er at entreprenørar har tilgang til å levere søknadar med direkte skissering inn på leidningsnettet, enklare utfylling av utstyrsliste med meir. Dette skal føre til meir komplette søknadar og enklare moglegheiter for søkjaren å finne ut kva som er mogleg. Dette frigjer også ressursar i kommunen, og forenklar sakshandsaminga. Resultatet av dette skal vere mindre tid til spørsmål og korrigeringar, og raskare svar på søknadar.

For å søkje om løyve og eller arbeid på vass- og avløpsanlegg, må ein no ta kontakt med entreprenør som har blitt godkjent i systemet. Dei entreprenørar som ikkje er godkjende finn informasjon om korleis ein søker på Entreprenørportalen - for rørleggarar og entreprenørar i Giske kommune.
Ein entreprenør må berre bli godkjent ein gong, og har då tilgang til å søkje å både Ålesund, Sula og Giske kommune med fleire.

 

Vakttelefon for teknisk eining ved akutte hendingar på Vassanlegga i Giske kommune:

900 18 425

Hendingar som vassledningsbrudd, tap av vatn, tilbakeslag mot vassnettet osv. reknast som akutte hendingar.

 

Skjema og vedlegg:

Overvassnorm for kommunar på Sunnmøre (Vedlegg B4)

Krav til innmåling, Sluttkontroll og dokumentasjon av VA-anlegg (Vedlegg B3)

VA-norm Sunnmøre (Giske kommune)

Standard abonnementsvilkår - administrativ del (PDF, 402 kB)

Artikkelliste

Opningstider

Måndag:         12.00 – 15.00
Tysdag:           09.00 – 15.00
Onsdag:         Stengt
Torsdag:         09.00 – 12.00
Fredag:           09.00 – 12.00

 

Servicetorget har ope alle dagar
09.00 - 15.00.

Der får du hjelp med dei fleste sakene. Om du treng å ha kontakt med ein sakshandsamar får du best service om du avtalar tid i førehand.