Tilknytning til kommunalt vass- og avløpsanlegg

Eigedomar skal vere tilknytta godkjent avløpsløysing.

Plan- og bygningslova seier at kommunen kan pålegge deg å vere knytt til det offentlege vatn- og avløpsnettet.

Har du ein eigedom som ikkje er tilknytta avløp, men har innlagt vatn, må du anten kople deg til offentlege avløpsleidningar eller sørge for godkjent reinseløysing for privat utsleppet.

Vil du kople deg til det kommunale leidningsnettet ?

Rørleggaren din eller ansvarleg entreprenør tek kontakt med kommunen for å få vite om du bur ein plass det er mogleg å knyte seg til offentleg vass- og avløpsanlegg. 

Vil du etablere, endre eller reparere VA-anlegg knytt til det kommunale vatn- og avløpsnettet, skal din valgte rørleggar/ ansvarleg entreprenør søke digitalt til kommunen gjennom Entreprenørportalen i Giske kommune.

Dersom du ikkje kan knyte deg til det offentleg avløpsnettet, må du søke om å etablere eit godkjent privat avløps anlegg med privat utsleppsløyve .

Skal du bygge nytt ?

Dersom du bygger eit nytt hus eller fritidsbustad, eller søker om bruksendring som medfører ei byggesak, skal du søke om tilknyting til kommunalt vatn og avløp gjennom Entreprenørportalen i Giske kommune og søknaden og løyve må leggast ved byggesøknaden din.  Dersom du er tidlig i byggefasen kan du be om ein forhandsutale frå vatn og avløp slik at kommunen kan gje råd om moglege løysingar.

Tilkoplingsgebyr

Ved tilkopling av nye eller gamle boligar til kommunalt vass- og avløpsnett betaler du eit tilkoplingsgebyr som kommunestyret fastset kvart år. 

For å knyte til kommunens nett må din valgte rørleggar/ ansvarleg entreprenør søke og få godkjent VA arbeid gjennom Entreprenørportalen før tilkoblingen kan utføres. 

Når godkjenning for Sanitærløyvet/ Igangsettingsløyvet for VA arbeid er gitt, faktureres tilkoblingsgebyr iht. Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Giske kommune, Møre og Romsdal.

Kapittel 2. Tilknytningsgebyr

§ 2-3. Ansvar og betaling
Den som er abonnent på det tidspunktet gebyrplikta oppstår, er ansvarleg for betaling av gebyret. Dette gjeld også der faktura for tilknytingsgebyr opphavleg er sendt til ein utbyggar, tiltakshavar eller andre, dersom gebyret står ubetalt på tidspunktet for den fysiske tilknytinga til kommunens vass- og/eller avløpsleidning. Kommunen vil varsle abonnenten om ubetalt tilknytningsgebyr på eigedomen så snart abonnenten er kjent for kommunen. Abonnenten er ansvarleg for å betale fakturaen dersom utbyggar eller annan tiltakshavar ikkje gjer opp med kommunen innan ein nærmare fastsett frist.
Kommunen fakturerer gebyret samstundes som igangsettingsløyvet  blir gitt, med den satsen som gjeld på faktureringstidspunktet. For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend, vert tilknytingsgebyr betalt etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet vert framsett eller foreldingsfristen sitt utgangspunkt, jamfør foreldelsesloven § 3.
Tilknytingsgebyr skal vere betalt før tilknyting.
Forfalle krav på tilknytingsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg, og kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt, jf. § 6 i lov om kommunale vass- og avløpsanlegg, andre punktum..

 

Gebyr og betalingssatsar 

Blir behandla i kommunestyret i Giske kommune kvart år.

Her finn du gebyrregulativet for Giske kommune som sett prisar som gjeld vatn og avløp.

Plan og byggnings lova

Meir informasjon knytt til reglane for bygging og endringar for va og bygg, kan du finne på dibk.

Etablering om vatn- og avløpsanlegg på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK)