Søknader om private VA - anlegg - Utsleppsløyve

Før du etablerer private anlegg for vatn og avløp, må du søke kommunen om løyve. 

Har du innlagt vatn utan å vere tilknytta avløp, må du anten kople deg til kommunale avløpsleidningar eller sørge for di eiga godkjende reinseløysing. 

I utgangspunktet skal alle vere knytt til offentleg avløpsanlegg.  Dersom det ikkje er mogleg, kan du ha privat anlegg. Då må du søke om å etablere private avløpsløysingar. Denne søknaden må ordnast av rørleggar/ entreprenør og skal sendast til kommunen via Entreprenørportalen.

Om du skal etablere privat anlegg for vatn og avløp, må anlegget også ferdigmeldast av rørleggar/ansvarleg entreprenør gjennom Entreprenørportalen.

Ansvarleg entreprenør/ rørleggar skal også søke/ melde gjennom Entreprenørportalen dersom du skal installere 

  • Vass og avløpsleidningar
  • Vassmålar
  • Tilbakeslagsventil
  • Stoppekran
  • Reduksjonsventil
  • Sprinkleranlegg
  • Fettutskiljar
  • Oljeutskiljar
  • Slamavskiljar

 

Igangsettingsløyve til bygging

Før du kan søke om igangsettingsløyve til bygging iht. plan og byggningsloven, skal ansvarleg entreprenør/ rørleggar sende inn og få godkjent “søknad om vann- og avløpsarbeid”.  Det skjer gjennom Entreprenørportalen.

Til denne søknaden treng du truleg også ein førhandsutale frå vatn og avløp.

 

Utsleppsløyve

Skal du ha privat avløpsanlegg, må du søke kommunen om utsleppsløyve. Det gjeld sjølv om avløpet går i lukka tank. 

Det er forskjell på om det gjeld utsleppsløyve for mindre avløpsanlegg under 50 personekvivalentar, for eksempel for eit hus eller to (kapittel 12 i forureiningsforskrifta) eller om det ein samla søknad for eit område med mindre tett busetnad (kapittel 13 i forureiningsforskrifta).  

Mindre avløpsanlegg (kapittel 12)

Mindre tettbygd område (kapittel 13)

 

Søknad om utsleppsløyve for private avløpsanlegg må innehalde:

  • namnet og adressa til den ansvarlege
  • namn på nøytral fagkunnig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad
  • dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast
  • plassering av reinseanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller storleiken av større utsleppet i pe
  • skildring av stad, løysing og djupne for utsleppet
  • oversikt over interesser som kan bli påverka av etableringa som interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
  • oversikt over kven som skal varslast
  • samtykke frå planavdelinga hos kommunen (dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova).

Partar og andre som kan bli særleg ramma av saka er varsla om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen samtidig med at partar og andre blir varsla. I varselet skal det komme fram at utsegner må ha kome til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varselet er sendt.

 

Tømming og tilsyn

Har du privat avløpsanlegg, får du også krav om tøming.   

I tillegg får du tilsyn på anlegget.

Pris på tilsyn finn du i Giske kommune si oversikt over betalingssatsar.