installere tilbakestømingsvern
Privat avløpsleidning og tilbakestrømingssikring
Alle som er knytt til ei offentleg vassleidning må ha tilbakestrømingsvern slik at du ikkje forureinar drikkevatnet til andre i kommuna.
Kva er tilbakestrøyming?
Det kan skje at forureina vatn eller andre væsker bli trykte tilbake frå leidninga di og ut på det offentlege leidningsnettet. Dermed kan du forureine drikkevatnet til andre.
Rett tilpassa tilbakestrøymingsvern
For å sikre deg mot tilbakestrøyming, må du installere tilbakestrøymingsvern (også kalla tilbakeslagsventil). Dette arbeidet må gjerast av rørleggar. Kva vern som bør installerast blir avgjort av kva væsker du har på rørsystemet ditt og kor mykje dei kan forureine ved tilbakestrøyming.
Når Rørleggaren utførar arbeid på intaksleidninga til eigedomen skal han alltid oppgradere inntaket og montere godkjent tilbakeslagsventil. Straks arbeida er utført skal røyrleggar digitalt melde inn at du har fått montert godkjent tilbakestrømingsvern i Entreprenørportalen.
Skjema
Kontrollskjema for tilbakestrøymingsvern
Sist endra 20.01.2024 18.44