Meld feil og ønskjer (Miljø, veg, gatelys, vatn og avløp)

Giske kommune har etablert digitale løysingar for meldingar om feil og ønskjer.

Dette skal føre til meir presise beskjedar inn til kommunen, og betre forutsetningar til å ta tak i det som meldast inn. Løysingane som er laga skal vere enkel i bruk, men dersom ein ikkje får til å nytte dei digitale løysingane får ein sjølvsagt hjelp med å melde inn.

1. Akutt behov (store feil på eksisterande anlegg)
Ring teknisk vakttelefon: 900 18 425

  • Dersom ein har oppdaga vasslekkasjar, forureinsing, oversvømming og liknande.

 

2. Driftsfeil (feil på eksisterande anlegg)
Meld inn med Nabolaget mitt (lenkje)

  • Dersom ein oppdagar driftsfeil som ikkje er akutt. Eksempelvis skada kantstein, manglande vedlikehold, mistanke om forureinsing, tette overløp, dårlegare vasstrykk og liknande.

 

3. Driftsfeil for gatelys

Feil på gatelys meldast inn her

Drift- og vedlikehaldsfeil på gatelys meldast inn i kartet. Eviny er driftsentreprenør på gatelys for Giske kommune. Drift og vedlikehald blir gjennomført kontinuerleg. Rettinga blir prioritert utifrå vegtype, alvorsgrad på feilen og når feilen blei meldt inn.

 

4. Innmelding av forsøpling eller forureina grunn

Saker knytt til forsøpling eller forureina grunn meldast inn til post@giske.kommune.no

 

5. Ønskje om kommunal investering (nye anlegg)
Meld inn med skjema her (lenkje).

  • Dersom ein har eit ønskje om at kommunen investerar i nye anlegg. Eksempelvis fartsdumpar, autovern, fysisk skille mellom gangveg og køyreveg, utbetring av overvassnett og liknande.

 

6. Formelle søknadar (når ein gjer søknadspliktig arbeid)
Sjå side om søknadar (lenkje).

  • Når ein utfører arbeid som krev søknad til kommunen. Eksempelvis graveløyve, nye tilknytingar (sanitærløyve) og liknande.