Nye gebyrsatsar for vatn og avløp i Giske kommune.

Frå og med 2024 har Giske kommune vedtatt ny gebyrforskrift for vatn og avløp.

Den nye forskrifta er basert på sjølvkostprinsippet, der kvar abonnent skal dekke eige forbruk. I ny forskrift vil abonnentane betale fastledd etter ulike kategoriar basert på om abonnenten er bustad eller næring.

Bustad- og fritidseigedom skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining.

Nærings- og kombinasjonseigedom (feks. gårdsbruk) skal betale fastgebyr etter fastsette kategoriar i gebyrregulativet. For desse vil fastgebyret vektast slik at det står i forhold til abonnentane sin del av kommunen sine infrastrukturkostnadar knytt til vatn og avløp. Næringsabonnentar i ny forskrift vil bli inndelt i sju ulike kategoriar som gir frå ein til hundre fastledd som utgjer abonnementsgebyret.

Frå og med 2024 er alle næring- og kombinasjonseigedomar pålagt å vassmålar. Dei som ikkje enda har det, vil få stipulert forbruk utifrå eigedomens bruksareal.

 

NæringskategoriarTal fastleddm3 lågm3 høg
Kategori 1

1

 

300

Kategori 2

3

300

1 000

Kategori 3

6

1 000

3 000

Kategori 4

12

3 000

6 000

Kategori 5

24

6 000

30 000

Kategori 6

50

30 000

75 000

Kategori 7

100

75 000

<75 000

 

Meir informasjon om gebyrendringa finn du her:

Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Giske kommune ( 2024) :

https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2023-09-28-2456

Nye Gebyr og betalingssatsar, Vedtak i Giske kommunestyre 07.12.2023:

https://www.giske.kommune.no/_f/p1/i49adcee7-8229-43fa-b271-c06b9e8114fa/gebyr-og-betalingssatsar-for-giske-kommune-2024-giske-kommunestyre-07122023.pdf

E