Ved frådeling blir det oppretta ein ny eigedom med eige bruksnummer.
Oppretting av ny eigedom er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Du må varsle naboar og gjenbuarar om opprettinga, og du må søke til kommunen. Dersom arealoverføringa ikkje er i strid med verken plan- og bygningslova, forskrift eller arealplan i kommunen, vil kommunen godkjenne søknaden din.
Nabovarsling:
Før du søker må du varsle naboar og gjenbuarar om frådelinga. Varsel kan du sende på ulike måtar. Du finn skjema for bruk i varslinga, og informasjon om korleis du brukar dette her.
Via Giske kommune sitt e-torg, kan du nabovarsle elektronisk (e-nabovarsel). Nabovarsel blir då sendt digitalt til mottakarane. Dette anbefalast. Her får du valgt riktige naboar/gjenbuarar ved å klikke i kartet som kjem opp. Du vert stegvis informert om kva du skal gjer. Til slutt må du logge dei inn i Altinn for å sende ut varselet.
Korleis søker du:
For å søke om frådeling bruker du søknadskjema:
I tillegg må du leggje ved:
-
dokumentasjon/kvittering på at du har gjennomført nabovarsling, og eventuelle kommentarar som du har motteke frå naboar
-
situasjonskart
-
eventuelt søknad om dispensasjon
I situasjonskartet må du teikne inn grensene til den nye eigedommen. Vis også plassering av tilkomst og tilkopling for vatn/avlaup. Kartet skal følgje nabovarselet, og søknaden til kommunen. Situasjonskart, reguleringskart og vatn/avlaup-kart kan bestillast via e-torg.
Kommunen kan berre godkjenne frådeling som er i samsvar med plan- og bygningslova, kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan for eigedommen. Dersom du ynskjer å dele frå eigedom i strid med føresegn gitt i lov eller plan, må du søke om dispensasjon frå føresegna. For meir informasjon om dispensasjon sjå her.
Søknaden sender du til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Du kan også sende søknaden på e-post: post@giske.kommune.no.
Kva kostar det:
Gebyr etter kommunen sine gebyrsatsar finn du her.
Frådeling etter jordlova:
Landbrukskontoret held til i Ålesund kommune. Søknader om frådeling etter jordlova blir sendt til landbrukskontoret for behandling.