Kva er arealoverføring:
Arealoverføring vil seie at grensene mellom to eigedommar blir flytta slik at areal blir flytta frå ein eigedom til den andre.
Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Du må varsle naboar og gjenbuarar om arealoverføringa, og du må søkje til kommunen. Dersom arealoverføringa ikkje er i strid med verken plan- og bygningslova, forskrift eller arealplan i kommunen, vil kommunen godkjenne søknaden din.
Korleis søkjar du:
Før du kan søkje må du varsle naboar og gjenbuarar om frådelinga. Du finn skjema og rettleiing for dette her.
Via Giske kommune sitt e-torg, kan du nabovarsle elektronisk (e-nabovarsel). Nabovarsel blir då sendt digitalt til mottakarane. Dette anbefalast. Her får du valgt riktige naboar/gjenbuarar ved å klikke i kartet som kjem opp. Du vert stegvis informert om kva du skal gjer. Til slutt må du logge deg inn i Altinn for å sende ut varselet.
For å søkje om arealoverføring bruker du desse blankettane:
For å kunne fylle ut erklæring om arealoverføring må du vite kor stort arealet du skal føre over er. Dersom du er usikker på det endelege arealet, kan du vente med å sende inn erklæring om arealoverføring til arealet er oppmålt. Arealoverføringa vil ikkje bli registrert i kartet, eller tinglyst, før kommunen har motteke erklæring om arealoverføring.
I tillegg må det følgje med eit situasjonskart der du teiknar inn dei nye grensene. Kartet skal følgje nabovarselet, og søknaden til kommunen. Du kan bestille situasjonskart via kommunen sitt e-Torg, her.
Søknaden sender du til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Du kan også sende søknaden på e-post: post@giske.kommune.no men må då ettersende erklæring om arealoverføring i original.
Kva kostar det:
Gebyr etter kommunen sine gebyrsatsar finn du her.
Sida er under opparbeiding.