Dersom du eig to eller fleire eigedomar som grensar til kvarandre, og som alle har det same føremålet, kan samanføyast til eitt gardsnummer (gnr.)/bruksnummer(bnr.). Du kan sjølv bestemme kva for eit av bruksnummera som skal bestå.
Samanføying av eigedomar er kostnadsfritt. Skjemaet Krav om samanføying av tinglyste matrikkeleiningar fyllast ut og returnerast til kommunen.
Ver obs på at hefter (pengehefte og andre rettar (servituttar) kan vere til hinder for samanføying.
Retting av grenser som tidlegare ikkje er målte:
Enkelte eigedomar er ikkje oppmålte og koordinatfesta. Desse eigedomane har ein så langt råd er forsøkt rekonstruert i kartet ut frå mål i skylddelingar, jordskiftesaker og eldre utskiftingar. Då desse grensene ikkje er fastlagde i oppmålingsforretningar er desse grensene slik dei går fram av matrikkelkartet, følgjeleg heller ikkje nøyaktige grenser og kan avvike vesentleg frå det faktiske grenseforløp.
Dersom du ønskjer å rette grensene i kartet, utan å rekvirere oppmålingsforretning, kan slik retting godkjennast ved innsending av protokoll for retting: Dersom du ønskjer å gjennomføre slik retting: Så ta kontakt med oppmålingskonroret for vidare veiledning