Melding om ulovleg byggetiltak

Bekymringsmeldingar rundt ulovlege byggetiltak skal sendast til avdeling for byggesak.

Før du melder inn, tilrår vi at du går gjennom sjekkpunkta under. Graden av ulovlegheit avgjer kor raskt vi kan behandle saka, og saker med fare for liv og helse blir prioritert først.

Dette bør du sjekke før du melder inn ulovlege tiltak
  1.  Snakk med naboen din først. Spør om naboen har fått løyve til det som blir bygd, eller om det som blir bygd er unntatt søknadsplikt etter plan- og bygningslova.
  2.  Sjekk i saksinnsyn om det finst ein byggesøknad knytt til eigedommen og tiltaket.
  3.  Sjekk om tiltaket er unntatt søknadsplikt.

 

Hos Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan ein sjekke kva som ikkje er søknadspliktig

Meiner du at tiltaket framleis er ulovleg etter at du har gjort desse undersøkingane, kan du melde inn forholdet til avdeling for byggesak.

Slik melder du inn ulovlege tiltak

Dersom du mistenker at arbeida er ulovlege og utan gitt løyve, melder du frå om ulovligheita.  Dersom du ønsker, kan du etter Offentleglova § 24 andre ledd velje å vere anonym. Kryss då av for dette når du melder frå.

Dersom avdeling for byggesak finn ut at det dreier seg om ei ulovlegheit etter plan- og bygningslova, opprettar vi ei sak og kontaktar eigaren av eigendommen.

Meld frå om ulovleg byggetiltak

Du kan også melde frå på e-post til post@giske.kommune.no eller på vanleg brevpost, som kan sendast til:

Giske kommune
Valderhaug 4
6050 Valderøya

Vidare saksgang?

Etter at du har fylt ut skjemaet "Opplysninger om mogleg ulovleg tiltak etter plan- og bygningslova" og skjemaet er registrert hos oss, vil det bli oppretta ei ny sak på meldinga di. Vi vil innan 4 veker sende eit brev til eigar der vi informerer om at vi har fått ei bekymringsmelding, og vi vil samtidig sende deg eit førebels svar etter forvaltningsloven § 11a).

Deretter blir saka prioritert ut frå grad av alvor og fordelt til ein saksbehandler for vidare oppfølging når vi har kapasitet til dette. Grad av ulovlegheit på tiltaket, fare for helse, miljø og sikkerheit, samt saksmengde vil ha betydning for kor raskt vi kan behandle saka.

Når saksbehandlinga startar, vil du få kopi av brev som blir utsendt dersom du har oppgitt kontaktinformasjonen din. Du får ikkje kopi av brev som blir sendt i saka dersom du har bedt om å få vere anonym. Du kan då sjekke saka på saksinnsyn.  

Kva blir ikkje følgt opp?

For at bygningsmyndigheitene skal følge opp ulovligheita, må tiltaket komme inn under plan- og bygningslova sine bestemmingar. Dette blir vurdert av bygningsmyndigheitene. 

Tiltak som er unntatt søknadsplikt vil ikkje bli følgt opp av bygningsmyndigheitene. 

Melding om ulovlege byggetiltak