Det første du må sjå på er om grunnen det skal byggast på er regulert til formålet.
Formålet til eigedommen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet. Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.
Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grønn farge viser friområde
Regulering til bustader
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.
Ikkje regulert til bustader
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel for mindre byggearbeid som (feks teknisk infrastruktur, tilbygg til eksisterande bustad, garasje og bod), byggast utan krav om dispensasjon frå plankrav, dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig.
Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.
NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.
Dispensasjon
Dersom du ønsker å bygge i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.
Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.