Korleis søke?

 Søknadspliktig

Du har funne ut at     

(1) byggeprosjektet er ikkje søknadspliktig, 

(1) byggeprosjektet er søknadspliktig,  

(2) du kan søke sjølv (utan ansvarleg søkar) 

(2) du må ha ansvarleg søkar

(3) byggeprosjektet ikkje er i konflikt med gjeldande reglar for eigedomen 

(3) byggeprosjektet er i konflikt med gjeldande reglar for eigedomen 

 

Her vil du få ei rettleiing til korleis utarbeide søknad som skal sendast til kommunen.  

 

Den vidare arbeidsprosessen har vi delt opp i 3 steg: 

Teikn og plasser det planlagde byggverket 

Utarbeid og del ut nabovarsel 

Utarbeid og lever byggesøknaden 

 

Steg 1: Teikn og plassere tiltaket

Start først med å teikne og plassere det planlagde byggverket. 

 

BYGGE

Teikningssettet som er vist i tabellen under skal utarbeidast og leggast ved byggesøknaden.  

Teikning Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar Viser utsjånaden på tiltaket 
Planteikningar Viser størrelse, konstruksjon og inndeling av rom 
Snitt teikningar Viser høgder og konstruksjon,  
Terrengprofil Viser korleis tiltaket ligg i terrenget og andre relevante forhold på eigedomen 
Andre teikningar Det kan vere aktuelt å legge ved skisse, bilde o.l. som viser tiltaket sitt omfang og andre relevante forhold 
Utanomhusplan Ein plan for den ubygde delen av tomta og eventuelt fellesareal, jf. plan- og bygningsloven § 28-7 

 

 

ENDRE

Teikningssettet som er vist i tabellen under skal utarbeidast og leggast ved byggesøknaden.  

Teikning tilbygg Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar, før og etter Viser utsjånaden på tiltaket, både før og etter endringa 
Planteikningar, før og etter Viser størrelse, konstruksjon og inndeling av rom, både før og etter endringa 
Snitt teikningar, før og etter Viser høgder og konstruksjon, både før og etter endringa 

 

Teikning påbygg Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar, før og etter Viser utsjånaden på tiltaket, både før og etter endringa 
Planteikningar, før og etter Viser størrelse, konstruksjon og inndeling av rom, både før og etter endringa 
Snitt teikningar, før og etter Viser høgder og konstruksjon, både før og etter endringa 

 

Teikning underbygg/kjellar Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar, før og etter Viser utsjånaden på tiltaket, både før og etter endringa 
Planteikningar, før og etter Viser størrelse, konstruksjon og inndeling av rom, både før og etter endringa 
Snitt teikningar, før og etter Viser høgder og konstruksjon, både før og etter endringa 

 

Teikning fasadeendring Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar, før og etter Viser utsjånaden på tiltaket, både før og etter endringa 
Andre teikningar For nokre tiltak kan det vere aktuelt å legge ved skisse, bilde o.l. som viser konstruksjonen/tiltaket sitt omfang og andre relevante forhold 

 

Teikning bruksendring Formål 
Situasjonsplan Viser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Fasadeteikningar, før og etter Viser utsjånaden på tiltaket, både før og etter endringa. Utarbeidast dersom tiltaket medfører endring av fasade 
Planteikningar, før og etter Viser størrelse, konstruksjon og inndeling av rom, både før og etter endringa 
Snitt teikningar, før og etter Viser høgder og konstruksjon, både før og etter endringa 
Andre teikningar For nokre tiltak kan det vere aktuelt å legge ved skisse, bilde o.l. som viser konstruksjonen/tiltaket sitt omfang og andre relevante forhold 

 

 

RIVE

Teikningssettet som er vist i tabellen under skal utarbeidast og leggast ved byggesøknaden.

Teikning Formål 
Situasjonsplan Marker tiltaket som skal rivast på kart/situasjonsplan. Slik at ein tydeleg ser tiltakets plassering på tomta samt div. avstandar og andre relevante forhold på eigedomen 
Andre teikningar Det kan vere aktuelt å legge ved skisse, bilde o.l. som viser bygningen/konstruksjonen/tiltaket sitt omfang og andre relevante forhold 

  

 

GENERELLE KRAV TIL TEIKNINGAR

Felles for teikningane er at dei må vere i målestokk 1:100 (gjelder ikkje situasjonsplan som bør vere i 1:500).   
Alle teikningane har sitt spesifikke formål, og av den grunn må dei oppfylle visse krav for å kunne bli behandla av kommunen. Desse krava vil vi informere om her. Det kan vere hensiktsmessig å kontakte ein fagperson viss du blir usikker på noko. Kommunen gir ikkje rettleiing i utarbeiding av teikningar.  

Teikningane bør ha eit tittelfelt med følgande informasjon: 

Gardsnummer (gnr.) og bruksnummer (bnr.), samt eventuelt festenummer (fnr.) eller seksjonsnummer (snr.)  

Byggetiltakets adresse  

Namn på tiltakshavar 

Type tiltak – kva som skal byggast/endrast/rivast 

Type teikning (planteikning, fasade, snitt, osv.) 

Teikningsnummer 

Målestokk  

Dato og eventuell revideringsdato 

Kven som har teikna 

Vedleggsnummer som stemmer med det som er oppgitt i søknaden  

 
Dersom du skal gjere endring på eksisterande bygg slik som fasadeendring, tilbygg, påbygg eller innvendig endring, bør teikningar som viser dagens/eksisterande situasjon også sendast inn. 

Start med å teikne ein situasjonsplan. 

Situasjonsplan

Ein situasjonsplan skal vise bygget sin plassering på tomta samt vise avstandar til bygningar, nabotomt, veg og liknande som nemnt i tabellen under. Situasjonsplanen teiknar du «oppå» eit godkjent situasjonskart som du kan kjøpe på Giske e-torg.  

Krav til situasjonsplan: 

Målestokk, helst 1:500  

Tiltaket teikna nøyaktig inn på tiltenkt plassering, iht. målestokken til kartet 

Utvendige mål på tiltaket. Avstandar målast frå ferdig yttervegg.  

Minste avstand til:  

Næraste nabogrense 

Bygning på eigen eigedom 

Næraste nabobygningar 

Vegmidte (vegmidte = senterline veg) 

Høgspentliner (luftstrekk/kabel) 

Vatn- og avløpsleidningar  

Eventuelt anna av betyding for saka 

 

Teikn også inn – i den grad det er relevant for søknaden:  

Plassering og utforming av adkomst/avkøyrsle 

Frisiktliner for utkøyrsle på offentleg veg 

Vegens stigningsforhold frå avkøyrsle og vidare inn på tomta 

Møneretning 

Biloppstillingsplassar og eventuell snumoglegheit på eigen tomt  

Uteopphaldsareal 

Kva som evt skal rivast 

Avstand til kommunal vatn- og avløpsleidningar 

Under er eit døme på situasjonsplan der relevante mål er satt på:  

  

 

  

Planteikningar

Ei planteikning skal illustrere størrelsen på bygget, konstruksjonen og inndeling av rom. Det skal utarbeidast ei planteikning for kvar etasje. 

Krav til planteikningar: 

  • Alle etasjar i bygget med etasjenummer  

  • Snittpiler som viser kvar i bygget snittet er teke. Marker pilene med A-A, B-B dersom du har fleire snitt i eit bygg.  

  • Planløysing med rombetegnelsar (t.d. bad, soverom, osv.) 

  • Separate brukseiningar/bueiningar  

  • Ytterveggar med riktig tjukkleik 

  • Utvendige mål på bygget 

 

Under er døme på planteikningar: 

Døme på planteikning for hovudplan 

 

Døme på planteikning for etasjeplan 

Fasadeteikningar

Fasadeteikningane skal illustrere utsjånaden på bygget, korleis det vil ligge i terrenget og andre relevante forhold på eigedomen.  

Krav til fasadeteikningar:  

  • Vise heile bygget  

  • Byggets karakter og materialval  

  • Alle sidene på huset, med tekst om himmelretning (nord, sør, osv.) 

  • Terrenglinjer som illustrerer eksisterande og framtidig planert terreng. Terrenglinjene skal ha høgdeangivelse etter kotane (meter over havet) på situasjonskartet og visast fram til skjeringspunktet mellom eksisterande og framtidig planert terreng. Teikn eksisterande terreng med stipla strek og teikn det framtidige med heiltrukken strek. Der tiltaket eller terrengendringar ligg nær eigedomsgrensa skal du også vise eigedomsgrensa.  

 

Under er døme på fasadeteikningar: 

 

  
  

    

 Døme på fasadeteikningar. Eksisterande terreng er synt med stipla line og evt. framtidig garasje er stipla inn langs fasadesnittet. 

Snitt-teikningar

Ei snitt-teikning illustrera ein tenkt bildeplan gjennom eit bygg eller ein del av ei bygning. Med andre ord, ein kuttar gjennom bygget for sjå kva som er inni.  

Krav til snitt teikningar: 

  • Fri innvendig høgde for kvar etasje 

  • Ytterveggar og tak med riktig tjukkleik 

  • Takvinkel med oppgitt hellingsgrad 

  • Møne- og gesimshøgde inkl. taktekking.  

  • Berekna gjennomsnittleg terrengnivå (ferdig planert terreng) 

  • Kotehøgde der reguleringsplanen angir høgdekrav i meter over havet 

  • Høgdeplassering i meter over havet, t.d. sokkelhøgde.  

 
Under er eit døme på ei snitt-teikning:  

Døme på snitt-teikning 

Utomhusplan

Utomhusplan er ein plan for den ubygde del av tomta og eventuelt fellesareal, jf. plan- og bygningsloven § 28-7.

Bruk av uteareal skal gå fram på tekninga

 
Terrenginngrep skal synast på utomhusplan og vere del av byggesøknad og behandling av denne. Ved nye tiltak skal det leggast stor vekt på terrengtilpassing for å redusere terrenginngrep. Med terrenginngrep meinast det sprenging, graving, masseuttak, skjering, fylling eller planering av terreng. 

Terrengprofil

Teikning av terrengprofil er aktuell dersom fasade- eller snitt-teikningane ikkje i tilstrekkeleg grad viser byggets høgdeplassering i forhold til omkringliggande busetnad, naboeigedom, veg og liknande.  

Under er eit døme på terrengprofil:  

Døme på terrengprofil

 

Etter at teikningssettet er utarbeida, er neste steg å utarbeide og dele ut nabovarselet. 

 

Steg 2: Utarbeid og send ut nabovarsel digitalt

Naboar skal alltid verte varsla ved søknadspliktige byggeprosjekt.   

Den enklaste måten å varsle naboar på er gjennom Giske e-torg. Her lastar du opp aktuelle vedlegg, og vel så alternativet eNabovarsel.  

Vedlegg som må ligge ved eit nabovarsel er: 

Situasjonsplan 

Fasadeteikningar 

Snitt – teikning  

Terrengprofil 

 

Naboane treng ikkje få framlagt planteikningar, då planteikningar er vurdert som ikkje relevante for nabo. 

Etter at nabovarsel er sendt mottar du ei digital kvittering i ALTINN.  

 

Alternative måtar for å utarbeide og dele ut nabovarsel

Det er alternative måtar å utarbeide og dele ut eit nabovarsel på. Først må du velje rett nabovarselsskjema for ditt tiltak. 

Du finn relevante skjema her: Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

 

Vel skjema for nabovarselet 

Enkelt nabovarsel 

Kan brukast kun når det vert søkt om: 

  • Tilbygg med bebygd areal (BYA) mindre enn 50 m² 

  • Frittliggande bygningar med BYA mindre enn 70 m² 

  • Landbruksbygg (fjøs, hønsehus) med BYA inntil 1 000 m² 

  • Oppføring av mellombels bygning som skal stå i eit tidsrom frå 2 mnd. til 2 år 

Ordinært nabovarsel 

Skal brukast i alle saker der ein ikkje kan nytte «enkelt nabovarsel» som vist over 

 

 

Utarbeid nabovarselet 

Fyll ut skjemaet for nabovarsel (enkelt eller ordinært), sett på dato og signér.  

Kvar nabo skal ha ein kopi av signert skjema samt kopi av følgande vedlegg: 

  • Situasjonsplan 

  • Fasadeteikningar 

  • Snitt – teikning  

  • Terrengprofil 

Naboane treng ikkje få framlagt planteikningar, då planteikningar er vurdert som ikkje relevante for nabo. 

 

Del ut nabovarselet 
Nabolista definerer kva naboar og gjenbuar som skal varslast. Viss det er det fleire eigarar/festarar (leigetakarar) av ein eigedom, må alle få eige varsel. Naboliste finn du på Giske e-torg.  

 

Du må dokumentere at nabovarsel har blitt delt ut til kvar nabo i nabolista. Dette gjer du ved å bruke kvitteringslista under.  

 

Du kan nå levere ut nabovarsel på ein av følgande måtar: 

eNabovarsel 

inne på etorget

 

Personleg overlevering 
Fyll ut kvitteringslista før du går til naboane. Lever nabovarselet og be om signatur for mottatt nabovarsel. Viss nabo ikkje har innvendingar på byggeplanane dine, kan nabo samtidig signere på at han/ho samtykker til byggeplanane dine.  

Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel. 

Alle samtykker kan søknad leverast inn  
 
Kvitteringslista med signaturar frå alle naboane skal leggast ved den formelle byggesøknaden 

 

E-post 
Send nabovarselsskjema og alle vedlegg i ein e-post til nabo. Skriv i e-posten at du ønsker tilbakemelding på at e-posten er mottatt. Tilbakemelding på at e-posten er mottatt vil fungere som kvittering på at nabovarsel er sendt. Automatisk e-post bekreftelse er ikkje gyldig kvittering. Du kan også be nabo om samtykke til byggeplanane. 

Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, men fristen startar ikkje før e-post er bekrefta mottatt av nabo.  

Kvitteringslista med kopi av tilbakemelding om mottatt e-post (og evt. samtykke) skal vedleggast den formelle byggesøknaden. 

 

Rekommandert post 
Nabovarsel kan sendast rekommandert i post. Fyll ut kvitteringslista før du går til Posten. Når du er hos Posten, be om kvittering (klistremerke) for kvar nabo som mottar nabovarselet som rekommandert post. Husk også å be Posten om datostempel nederst på kvitteringslista. Kvitteringslista med klistremerke og datostempel frå Posten skal vedleggast den formelle byggesøknaden. 

Nabo har 14 dagars frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel.  
 

 

Naboane har frist på 14 dagar til å sette seg inn i, og evt gi ein merknad til byggeplanane. Merknader vil du også kunne sjå i ALTINN.  

Nabovarselet er berre gyldig i 1 år. 
 

Dersom nabo har gitt tilbakemelding/merknad: 
Dersom ein eller fleire naboar har gitt tilbakemelding på byggetiltaket ditt (levert merknad), må du gå gjennom og vurder merknadene. Du kan enten:  

Justere byggeprosjektet ditt for å imøtekome eller oppfylle nabomerknad, og sende nytt nabovarsel 

eller 

Utarbeide og sende byggesøknaden utan å gjere endringar. Hugs då å legge ved alle tilbakemeldingar/merknader frå naboane med ein kommentar til kvar tilbakemelding/merknad. 

 

Dersom naboar ikkje har gitt tilbakemelding/merknad innan fristen: 
Utarbeid og send byggesøknaden.  

 

Steg 3: Utarbeid og lever byggesøknaden

Dei ulike relevante skjema kan du finne via denne lenka: Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Under har vi lista opp skjema du treng, samt kva ein byggesøknad skal innehalde:  

Byggesøknaden skal bestå av: 

Digitale søknadssystem: LINK til eTorget 

DokumentBeskrivelse

Søknadsskjema*

Enkelt søknadsskjema

Kan nyttast når det vert søkt om:

  • Tilbygg med BYA mindre enn 50 m²
  • Frittliggande bygningar med BYA mindre enn 70 m²
  • Landbruksbygg (fjøs, hønsehus) med BYA inntil 1 000 m²
  • Oppsetting av mellombels bygning (2 mnd. til 2 år)

*Kun eit søknadsskjema skal nyttast i ein byggesøknad, er du usikker på kva søknadsskjema du kan bruke, så bruk «ordinært søknadsskjema»

Ordinært søknadsskjema

Skal verte brukt i alle saker der ein ikkje kan benytte «enkelt søknadsskjema» som vist over.

*Kun eit søknadsskjema skal nyttast i ein byggesøknad, er du usikker på kva søknadsskjema du kan bruke, så bruk «ordinært søknadsskjema»

Vedlegg 1

Opplysningar gitt i nabovarselI dette skjemaet skal det førast opp akkurat dei same opplysningane som er brukt i nabovarselsskjema til naboane

Vedlegg 2

Situasjonsplan 

Vedlegg 3

TeikningarFasadeteikningar, planteikningar, snitt, terrengprofil, foto, skisse e.l.

Vedlegg 4

Gjennomføringsplan*

Opplisting av alle deltakande aktørar i prosjektet (ansvarleg prosjekterande, ansvarleg utførande og evnt ansvarleg kontrollerande innanfor alle aktuelle fagområder)

*Kun ved søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege foretak

Vedlegg 5

Erklæring om ansvarsrett*

Skjema som skal fyllast ut og signerast av ansvarleg foretak

*Kun ved søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege foretak

Evnt andre vedlegg

Behov for andre vedlegg må vurderast i den enkelte sak, til dømes:
Dispensasjonssøknad 
Uttalar frå andre avdelingar i kommunenEvt uttale frå Vatn og avløpsavdelinga i kommunen ved behov for avklaringar eller godkjenning frå krav om 4 m frå kommunale vatn og avløpsleidningar
Uttalar frå eksterne myndigheiterStatens vegvesen eller Fylkeskommunen ved dispensasjon frå avstand til veg, ny eller utvida bruk av avkøyrsle, fornminner, arkeologiske utgravingar o.l.
 Naturfare Dokumentasjon som vurdere behov for sikringstiltak

 

Søknadsskjema og vedlegg 
Fyll ut alle felta i søknadsskjemaet (det enkle eller det ordinære) og signer. Legg ved alle vedlegga. 

 

Send byggesøknaden 
Send søknadsskjemaet og alle vedlegga til kommunen. Dette kan gjerast som vist i tabellen under:  

E-post Send heile søknaden til: 
post@giske.kommune.no 
Posten Send søknaden til: 
Giske kommune 
Valderhaug 4 
6050 VALDERØYA 
Fysisk oppmøte Lever søknaden til servicekontoret på Rådhuset  
Andre digitale løysingar Vert i hovudsak nytta av profesjonelle aktørar og søknaden vert innsendt digitalt via Altinn. eTorget kan brukast av privatperson 

 

 Kva skjer vidare?

Tilbakemelding ved mottak: 

Etter at byggesøknaden er motteke vil ein byggesaksbehandlar foreta ein overordna mottakskontroll, der ein vil kontrollere at søknaden er komplett, det vil seie inneheld rett søknadsskjema og naudsynte vedlegg.  

Formålet med denne mottakskontrollen er at alle skal få lik tilbakemelding ut frå kva type sak det handlar om, og at tilbakemelding skal kome så raskt som råd. Lik saksbehandling og god dialog er målet. 

Søknader med behandlingsfrist på 3 veker: Her vil du ikkje få eige brev før vedtak. Unntak frå dette kan vere om søknaden har manglar. 

Søknader med behandlingsfrist på 12 veker: Her skal du få eit førebels svar i løpet av kort tid, innan to veke.  

 

Tilbakemelding viss manglar:  

Dersom vi i mottakskontrollen oppdagar at søknaden ikkje er komplett eller har manglar, vil søknaden enten bli avvist eller så sender vi ut eit førebels brev med informasjon om kva som skal til for at søknaden skal verte komplett – dvs.  dekke minstekrav for slike søknader, jmf. Byggesaksforskrifta § 5-4.  

Dersom det blir sendt ut eit mangelbrev blir søknaden lagt til sides og søknaden er ikkje klar for behandling før manglande dokumentasjon vert innsendt og søknaden er komplett. 

 

Fullstendig søknad: 

Er søknaden komplett (eller når søknaden er komplettert med manglar) vil byggesaksbehandlaren starte sjølve behandlinga av søknaden. 

Under byggesaksbehandlinga går byggesaksbehandlaren nøyare gjennom den dokumentasjonen som ligg i søknaden, og det kan vere at ein finn nye manglar.  

Dersom byggesaksbehandlaren finn manglar i søknaden vil søknaden enten verte returnert i sin heilskap eller så vert det sendt ut eit nytt mangelbrev.  

Dersom søknaden inneheld vesentlege manglar kan kommunen kreve nytt nabovarsel før søknaden kan behandlast (dette kan vere f.eks. manglar i teikningane, situasjonsplanen, manglar ved dispensasjonssøknad etc.). 

 

Tilbakemelding viss utale/politisk:  

Dersom ein søknad må ut på høyring eller behandlast politisk, sender vi ut eit brev med informasjon om dette. 

 

Gebyr:  

Du må betale for å få behandla byggesøknaden din i kommunen. Prisen dekker kommunen sine kostnader ved behandling av byggesøknaden, og reknast ut frå kva du søker om. Her finn du Giske kommune sine gebyr og behandlingssatsar. 

 

Avslag på søknad og fristoverskriding:  

Ved avslag på søknader eller for søknader som vert trekt før eller etter saksbehandling vert det rekna gebyr i samsvar med gebyrregulativet. 

Ved overskriding av tidsfristane for saksbehandling av søknader med 12 vekers behandlingstid og dispensasjonssøknader vert det totale gebyret redusert med 25 % for kvar påbegynte veke som tidsfristen vert overskriden. Dette gjeld ikkje der kommunen har forlenga fristen grunna at saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller krev tillatelse eller samtykke frå andre myndigheiter. 

For alle andre saker vert det rekna fullt gebyr sjølv om tidsfristen vert overskriden.  

 

Vi reknar saksbehandlingstida frå vi har motteke ein fullstendig søknad, det betyr at den er komplett og inneheld naudsynt dokumentasjon. 

Dersom vi må innhente ytterlegare dokumentasjon fordi søknaden ikkje er fullstendig, inngår ikkje dette i saksbehandlingstida. Det same gjeld for utrekning av saksbehandlingsgebyr. 

 

 Saksbehandlingstid 

Tidsfristar for kommunens saksbehandling: 

Alle tidsfristane gjeld frå søknaden er komplett, og inneheld naudsynte opplysningar for at kommunen skal kunne behandle søknaden. 

2 veker - Førehandskonferansar 

3 veker - Igangsettingssøknad 

3 veker - Mellombels bruksløyve 

3 veker - Ferdigattestar 

3 veker - Byggetiltak der alle vilkår er oppfylt og det ikkje er naudsynt med uttalar eller samtykke frå ein annan myndigheit 

12 veker - Søknader om rammeløyve 

12 veker - Søknader med dispensasjon frå plan eller planføresegner/planbestemmelsar 

12 veker - Søknader der det er nødvendig med uttaler eller samtykke frå ein anna myndigheit. 

12 veker - Søknader som inneheld nabomerknader 
 

 Ferdigstilling

Når eit byggetiltak er ferdig må du alltid sende ferdigmelding til kommunen. Kommunen treng opplysningane for å oppdatere dei digitale karta sine.  

Er tiltaket søknadspliktig og du har fått byggeløyve frå kommunen, må det søkast om ferdigattest og kommunen må vurdere om vilkår i løyvet er oppfylt, at det ligg føre naudsynt sluttdokumentasjon som viser at tiltaket er utført i samsvar med løyvet og at bestemmelsar i lov og forskrift er oppfylt. 

Dei ulike relevante skjema kan du finne via denne lenka: Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)  

 

Ferdigmelding for tiltak utan søknadsplikt  

Dersom du skal ferdigmelde eit tiltak som er unntatt søknadsplikt skal du melde dette sjølv ved innsending av “Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt” og legge ved ein situasjonsplan (kart) der tiltaket er innteikna. 

 

Ferdigattest for søknadspliktige tiltak 

Slik går du fram: 

Når det du bygger er heilt ferdig, må du søke kommunen om ein ferdigattest. 

Du kan bruke blankett "5167 Søknad om ferdigattest".

Du må vente på ferdigattest frå kommunen, kommunen har 3 veker på å behandle ein søknad om ferdigattest. Har du ikkje motteke ferdigattesten innan 3 veker frå du sendte inn søknad om ferdigattest til kommunen, kan du ta i bruk det du har bygd føresett at alle krav og vilkår er oppfylt. Dersom det er gått meir enn 3 veker frå du sendte søknad om ferdigattest til kommunen bør du først ta kontakt med kommunen for å kontrollere at det ikkje er noko hinder for å kunne ta bygget i bruk.  

 

Blei det du bygde heilt likt det du fekk løyve til?  

Da treng du kun å fylle ut blanketten, og treng ikkje legge ved nokon vedlegg. 

 

Blei det du bygde annleis enn det du fekk løyve til? 

Da må du først finne ut om endringane er så store at du må nabovarsle og søke på nytt eller søke om endring. Er avviket så lite at det ikkje har betydning for verken løyvet ditt eller naboane? Då må du legge ved vedlegg som dokumenterer avviket. Er du usikker på om endringa er vesentleg eller ikkje bør du ta kontakt med kommunen. 

 

Mellombels bruksløyve 

Dersom det står igjen små arbeid på bygningen eller tiltaket kan du søke om eit mellombels bruksløyve. Mellombels bruksløyve gir deg rett til å ta i bruk delar av tiltaket eller bygningen sjølv om arbeidene ikkje er heilt ferdige.  

Kommunane har ikkje plikt til å utstede mellombels bruksløyve, men kan verte gitt når det gjenstår "mindre vesentleg arbeid" og vilkåra i plan- og bygningslova § 21-10 er oppfylt. 

Om du søker om eit mellombels bruksløyve, skal du identifisere gjenståande arbeid, bekrefte at bygning eller tiltaket har tilfredsstillande sikkerhetsnivå, og angi tidspunkt for ferdigstillelse. 

Når arbeidet er ferdigstilt og tiltaket er heilt ferdig, og innan tidsfristen som er sett, må du søke om ferdigattest. 

 

Innsending 

Du kan bruke skjema frå Direktoratet for Byggkvalitet og sende søknaden på e-post til: post@giske.kommune.no 

Du kan òg sende søknaden i posten til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 VALDERØYA 

Eller levere direkte til Servicetorget på rådhuset 

Fagfolk som nyttar digitale byggesøknader kan søke ferdigattest som ein del av digital byggesøknad og sende via Altinn. 

 

 Dispensasjon 

Dispensasjon er å få løyve til å bygge noko som i utgangspunktet ikkje er tillate, og inneber at kommunen etter søknad kan gi unntak frå planar og bestemmelsar. 

Det er ikkje kurant å få dispensasjon innvilga, og det er opp til kommunen å vurdere i kvar enkeltsak om dispensasjon kan gis. 

Dispensasjon kan vere varig eller tidsbegrensa. 

Skal du bygge, rive, eller endre noko som strir mot lov, forskrift, kommuneplan eller reguleringsplan, må du søke dispensasjon frå regelverket.  

Ein dispensasjon gjeld berre det aktuelle tiltaket, og kan ikkje nyttast igjen.   

Ingen lovar eller reglar vert utforma så presist at dei vil vere rett for alle tiltak. Unntaksvis er det derfor naudsynt å ha ein «sikkerheitsventil» slik at lovar og regelverk ikkje rammar forhold som dei ikkje var tenkt å ramme. 

 

Kva skal til for å få ein dispensasjon 

Kommunen kan gi dispensasjon dersom begge vilkår under er oppfylt 

Omsyna bak regelen du søker dispensasjon frå, eller omsyna i lova sin formålsparagraf (pbl. §1-1) må ikkje bli vesentleg sett til side  

Fordelane med å gi dispensasjon må i tillegg vere klart større enn ulempene, etter ei samla vurdering jf. pbl. § 19-2  

Alle kan søke om dispensasjon, men det er sjeldan kurant å få det.

 

Slik søker du om dispensasjon 

Du kan som tiltakshavar (tiltakshavar = du som skal bygge / gjere noko) søke om dispensasjon sjølv, eller du kan få fagfolk til å gjere arbeidet for deg. 

Søknad om dispensasjon skal alltid vere skriftleg. 

Naboar må varslast om dispensasjonssøknad. 

Der tiltaket er unntatt søknadsplikt kan du søke om dispensasjon uavhengig av byggesøknad. 

Der tiltaket er søknadspliktig kan du søke om dispensasjon samtidig med byggesøknad. 

 

Søknaden skal innehalde: 

Kven som er tiltakshavar og søkar  

Kva for ein eigedom søknaden gjeld (adresse, gnr/bnr) 

Kva du skal bygge / utføre 

Beskriv kva bestemmelsar du søker om dispensasjon frå 

Kvittering for at naboar er varsla om dispensasjon (kan varslast samtidig med nabovarsel for byggesøknad) 

Utgreiing av eventuelle merknader frå naboar, og di vurdering av desse 

Grunngi søknaden (vert omsyna bak reglane vesentleg sett til side, vurdering av fordelar og ulemper)  

Situasjonsplan  

Teikningar i målestokk 1:100  

Evnt terrengprofil og snitt der det er naudsynt 

Evnt foto, skisser e.l. 

Evnt uttalar/samtykke frå andre mynde der dette ligg føre 

 

Korleis grunngi ein dispensasjonssøknad  

Finn omsyna bak regelen du søker dispensasjon frå. 

Vist som bilde under 

 

Beskriv kva bestemmelsar du søker om dispensasjon frå. Begrunn søknaden med forhold som er spesielle for akkurat di sak. Det er viktig at du får med deg alle bestemmelsane som du skal søke om dispensasjon frå. 

 

Skriv kva omsyn som gjer seg gjeldande, og kvifor tiltaket og dispensasjonen ikkje vesentleg sett til side omsyna bak regelen du søker dispensasjon frå.  

Kva omsynet bak ein bestemmelse er finn du ut ved å lese forarbeida til bestemmelsen eller anna juridisk litteratur. Forarbeida til bestemmelsane til ulike arealplanar finn du i planbeskrivelsen/planomtalen (Du kan få tilgang til planbeskrivelsen/planomtalen i kommunen sitt planregister eller via innsyn i kommunekart).  

Skriv kva omsynet bak bestemmelsen er. Skriv så kvifor du meiner at dispensasjonen ikkje vesentleg tilsidesett dette omsynet. 

Om det du skal bygge / gjere er av betydning for nokon av dei omsyn som er omtala i plan- og bygningslova sin formålsbestemmelse (§ 1-1), kommenterer du det.  

Om statlege eller regionale myndigheiter allereie har uttala seg til det du skal bygge / gjere, kommenterer du dette også. (Om dispensasjonen rører ved fylkeskommunen, statsforvaltaren, Statens vegvesen eller andre myndigheiter sine saksområde sender kommunen saka på høyring) 

 

Skriv kva som er ulempene med tiltaket (eks. ulemper for allmennheita, naboar, etc.) 

 

Skriv kva som er fordelane med tiltaket. Personlege fordelar vert som oftast ikkje vektlagt. 

 

Vurder fordeler og ulemper opp mot kvarandre, og grunngi kvifor du meiner at fordelane er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. 

Søker du dispensasjon frå plan- og bygningslova eller forskrifter til lova må du også ta med kva fordelar og ulemper dispensasjonen kan få for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. 

 

Kommunens behandling av dispensasjon 

Kommunen vurderer først om dispensasjonssøknaden inneheld all naudsynt dokumentasjon.  

Når kommunen mottar komplett dispensasjonssøknad har vi i utgangspunktet maksimalt 12 veker på å gi deg svar. Denne fristen kan forlengast der saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller krev tillatelse eller samtykke frå andre myndigheiter. 

Dersom dispensasjonen rører ved fylkeskommunens eller andre statlege myndigheiters saksområde, vil saka bli sendt på høyring dersom du som tiltakshavar/ansvarleg søkar ikkje allereie har gjort dette. (Andre myndigheiter har i utgangspunktet 4 vekers svarfrist, og kommunens 12-vekersfrist vert forlenga inntil svar ligg føre).  

Kommunen vil i sin vidare behandling vurdere om vilkåra for å kunne gi dispensasjon er til stade. Kjem kommunen fram til at vilkåra for å kunne gi dispensasjon er oppfylt, vil du normalt få innvilga søknaden din.

Når kommunen har behandla saka vil du motta eit vedtak om dispensasjonen er innvilga eller ikkje. Kommunen kan sette vilkår for dispensasjonen.