Bygge, endre eller rive

For å søke krevst det kompetanse for å planlegge og søke om løyve for å bygge-, endre-, eller rive noko på ein eigedom. Du må kunne lese og forstå kommunale plan- og lovverk, forstå byggteknisk språk, og kunne utarbeide ein søknad som oppfyller alle krav. Har du ikkje denne kompetansen anbefaler kommunen å leige nokon som kan gjere jobben for deg (ein ansvarleg søkar).

Det første som bør gjerast i ein planleggingsfase er å innhente «underlagsmaterialet» som trengst i arbeidet med å søke.

I tabellen under har vi lista opp det du treng.

UnderlagsmaterialeKva er det?                                           
Arealdelen til kommuneplanenGenerelle reglar for ein eigedom
ReguleringsplanDetaljreglar for ein eigedom
Kart over vatn- og avløpsleidningarOversikt over kommunens vatn- og avløpsleidningar på ein eigedom
Kart over aktsemsdområde for kvikkleire Kart som viser aktsemdsområde for områdeskred og for marin leire. Sjå ytterligare informasjon om aktsemdsområda, krav til undersøkingar og dokumentasjon her
Godkjent situasjonskartBlir brukt til å teikne situasjonsplan. Dette leggast ved alle søknader til kommunen.
NabolisteOversikt over naboar som skal varslast før ein byggesøknad blir sendt til kommunen.
Underlagsmateriale finn du på:https://giske.e-torg.no/

 

 

 

Andre ressursar:

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider www.dibk.no finn du relevante forskrifter med rettleiing, rettleiing for søknad, og løysing for digital byggesøknad. 

Kva skal du bygge, endre eller rive?

Under har vi lista opp dei mest aktuelle byggeprosjekta. Ønsker du til dømes å rive garasjen på eigedommen din, trykker du på «Rive» i boksen som er merka «Garasje», og du vil få meir informasjon om kva du må gjere før du kan rive garasjen.

Garasje og Carport

Bygge Endre Rive

Bustad

Bygge Endre Rive

Eldstad og Pipe

Bygge Endre Rive

Terrasse, Altan, Balkong og Veranda

Bygge Endre Rive

Gjerde, Levegg og Støyskjerm

Bygge Endre Rive

Støttemur
 

Bygge Endre Rive

Hytte og Anneks

Bygge Endre Rive

Terrengendring

Endre