Bygg- og eigedomsavdeling
Bygg og eigedomsavdeling vart etablert i 2014. Administrasjon er lagt til Næringsbygg på Sætra, Valderøya. Formålet er å forvalte, drifte, vedlikehalde og utvikle kommunale bygg og eigedomsmasse.
Avdelinga skal vere ein servicepartnar ovanfor andre kommunale avdelingar i spørsmål og tiltak vedkommande Bygg og eigedomsavdeling. Kommunen sine bygg og eigedom skal ha ein standard og utsjånad som fremjar trivsel, miljø og helse for brukarar, og i høve til sine omgjevnadar.
Bygningsmassen er ca 60 000m² fordelt på skular, barnehage, institusjonar, omsorgsbustadar, bukollektiv, utleigebustadar, næringsbygg og administrasjonsbygg med vidare. Bygg og eigedomar i kommunen har ein antatt verdi på 1 milliard
Bygg og eigedomsavdeling er blant anna tillagt følgjande oppgåve:
- Bustadkontor
- Bustadsosialt arbeide
- Utleigebygg
- Hjelpemiddel og transportteneste
- Eigedomsforvaltning
- Drift og vedlikehald kommunale bygg
- Utvikle bygg og eigedomar
- Drift og vedlikehald av eigedom/ uteareal
- Forsikring, skattar, avgifte kommunale bygg
- Teneste og varekjøp
- Reinhald kommunale bygg
- Prosjektleiing kommunale bygg
- Byggeleiing
- Byggherrerepresentant
- Kjøp og sal av kommunale bygg og eigedomar
Tilsette i Bygg og eigedomsavdeling er pr 1.1.2015
Publisert 15.01.2018 14.48
Sist endra 21.11.2024 09.24